[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Heliotrop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heliotrop

Ein heliotrop, òg kalla blodstein
Generelt
KategoriMineral
Kjemisk formelSiO2 (silisiumdioksid)
Identifikasjon
Fargegrøn med raude eller gule flekkar
KrystallsystemTrigonal
Mohs hardleiksskala6.5–7
Glansglasaktig
Spesifikk vekt2.61
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks1.53–1.54
Dobbeltbryting0.004

Heliotrop, òg kalla blodstein, er eit mineral med i form av ein djupgrøn kalsedon med flekkar av raud japsis. Det vert nytta i ringar, signet og liknande. Mineralet finst i India.

Dei raude flekkane skal visstnok sjå ut som blodflekkar, som har gjeve det namnet blodstein. Namnet helitrop kjem frå gresk ήλιος helios, sol, τρέπειν trepein, å snu, sidan mineralet reflekterer lys. Det var mellom anna skildra av Plinius den eldre i antikken.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]