Harstad/Narvik lufthamn, Evenes
Harstad/Narvik lufthamn, Evenes | |||
| |||
IATA | EVE | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENEV | ||
Flyplasstype | Sivil/Militær | ||
Eigar | Avinor | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Harstad kommune, Harstad | ||
Stad | Evenes kommune | ||
Opna | 30. juni 1973 | ||
Høgd | 25,6 | ||
Koordinatar | 68°29′29″N 16°40′41″E, 68°29′20″N 16°40′42″E | ||
Nettstad | https://avinor.no/en/airport/harstadnarvik-airport/, https://avinor.no/avinors-flyplasser/harstad-narvik/ |
Harstad/Narvik lufthamn, Evenes er ein stamruteflyplass i Evenes kommune i Nordland. Nokre av innflygingslysa i nordenden av rullebanen ligg i Skånland kommune i Troms. Flyplassen ligg 45 km unna Harstad, og 79 km unna Narvik.
Flyplassen vart opna 30. juni i 1973 og har kring 500 000 passasjerar årleg.
I terminalbygget, som har fem gater og to bagasjeband, finn ein kafé, bilutleigefirma, kiosk, duty-free, billettkontor, minibank med meir.
Tilkomst
[endre | endre wikiteksten]Buss: Flyplassen har samband med buss til Harstad, Narvik og Sortland.
Bil: E 10 går rett forbi flyplassen.
Namnestrid
[endre | endre wikiteksten]Det har vore diskusjonar om det offisielle namnet på flyplassen, og det har også skjedd mistydingar og forveksling med Narvik lufthamn, Framnes. Avinor meiner at dagens namn er riktig, sidan Harstad og Narvik er dei næraste byane som flyplassen tener, og i fylgje internasjonale reglar skal flyplassar ha namnet til næraste store by. Harstad lufthamn, Evenes vart fyrst brukt då Evenes fekk nytt namn for nokre år sidan. Det kom protestar frå Narvik der ein meinte at Narvik også burde vere med i namnet på flyplassen, men Narvik hadde på si side allereie Narvik lufthamn, Framnes som var tent av Widerøe.
Flyplassen skal marknadsførast i chartersegmentet under namnet «Lofoten International Airport».[1]
Ruter og selskap
[endre | endre wikiteksten]- Norwegian Air Shuttle (Oslo)
- Novair (charter)
- Ving (charter)
- Scandinavian Airlines System (Oslo)
- Widerøe (Andenes, Bodø, Tromsø, Trondheim)
- Benair (Aviser)
- West air (Flyr for posten til Gardermoen)
- Pluss diverse charterselskap.
I tillegg hadde Kato Air sin base på Harstad/Narvik lufthamn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Harstad/Narvik lufthavn, Evenes» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juni 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Lofoten får internasjonal flyplass». VG. Henta 4. april 2008.