[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Hareidlandet

Koordinatar: 62°21′N 05°57′E / 62.350°N 5.950°E / 62.350; 5.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hareidlandet
Melshornet på Hareidlandet.
Melshornet på Hareidlandet.
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°21′N 05°57′E / 62.350°N 5.950°E / 62.350; 5.950

Areal 166 km²

Høgaste punkt Blåtinden (697 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Ulsteinvik (6208 innb.)

Demografi
Folketal ca. 12 800 (2024)
Folketettleik 77,1 /km²

Hareidlandet er den største øya på Sunnmøre. I gammal tid var namnet på øya Hǫð. På moderne norsk vert skrivemåten «Hod» og på moderne islandsk «Höð». Flatemålet er vel 166 kvadratkilometer. Øya ligg i kommunane Hareid og Ulstein. Innbyggjartalet er om lag 12 800 (2024). Det går ei lita bru over til Dimna med 1348 innbyggjarar (2024). Utanom Dimna har Hareidlandet samband med Gurskøya over Dragsundbrua og vidare utover mot Fosnavåg går det bruer heilt til den fagre øya Runde . Eiksundsambandet knyter Hareidlandet til fastlandet. Først med bru over til øya Eika i Ulstein og dernest med undersjøisk tunnel under Vartdalsfjorden til Ørsta og Volda. Eiksundtunnelen er verdas djupaste undersjøiske vegtunnel og går 287 meter under havet.

Det er fire tettstader på øya. Ulsteinvik, som har bystatus, har 6&nsbp;208 innbyggjarar. Dei andre tettstadane er Hareid med 3&nsbp;662 innbyggjarar, Hjørungavåg med 716 innbyggjarar og Brandal med 319 innbyggjarar. Tala er frå 2024. Delar av Sundgot (912 innb.) og Dragsund (424 innb.) ligg også på Hareidlandet.

Ulsteinvik er eit viktig senter for maritim industri, både nasjonalt og internasjonalt, og er også eit viktig handelssenter. Frå Hareid er det hurtigbåtsamband til Valderøya i Giske kommune og til Ålesund. Frå Hareid er det også ferjesamband til Sulesund i Sula kommune.

Mange meiner at slaget i det historiske Hjörungavágr (Ca år 986) stod utanfor Liavågen i Hareid. I tråd med denne teorien har bygda skifta namn til Hjørungavåg.

Høgste fjellet på øya er Blåtinden (697 moh.) i Ulstein, nest høgste er Kongsvollen (683 moh.), som er grensefjell mellom Ulstein og Hareid. Deretter kjem fjella Melshornet (668 moh.) i Hareid og Garnestua (654 moh) i Ulstein.

Den største innsjøen er Snipsøyrvatnet, som er 3,19 kvadratkilometer.

Hareidlandet med bygdelaga Hjørungavåg, Hareid og Brandal, sett frå aust

Fram til 1917 var det meste av øya del av Ulstein kommune, medan ein liten del høyrde til Herøy kommune. Etter at Ulstein vart splitta opp i 1917, var øya delt mellom kommunane Ulstein, Hareid og Herøy fram til 1964. Då vart delen som hadde høyrd til Herøy, innlemma i Ulstein kommune, slik at øya no er delt mellom kommunane Hareid og Ulstein.

Folketalsutvikling:

1801[1][2] 1900[3][4] 2000[5] 2024[5]
1078 2609 10 304[a] 12 802[a]
  1. 1,0 1,1 Medrekna Eika