Hans J. Røsjorde
Utsjånad
Hans J. Røsjorde | |||
Fødd | 11. november 1941 (82 år) Brunlanes kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Visepresident på Stortinget 1997-2001 | ||
Føregangar | Edvard Grimstad | ||
Etterfylgjar | Inge Lønning | ||
Alle verv |
|
Hans Johan Røsjorde (fødd 11. november 1941 i Brunlanes) er ein norsk gymnaslektor og politikar (FrP). Han representerte Hordaland på Stortinget frå 1987 til 2001 og var visepresident på Stortinget frå 1997 til 2001. I 1998 vart Røsjorde utnemnd som fylkesmann for Oslo og Akershus etter Kåre Willoch, og tok til i denne stillinga 1. november 2001 etter at stortingsmandatet var avslutta.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]- Visepresident på Stortinget (1997–2001)
- Leiar av Stortingets forsvarskomité (1989–2001)
- Lagtingspresident (1989–1993)
- Stortingsrepresentant for FrP (1987–2001)
- Lektor og rådgjevar ved Stord gymnas (1972–1987)
- Lektor ved Breidablikk ungdomsskule i Sandefjord (1970–1972)
- Cand.real. (marinbiologi hovudfag) frå Universitetet i Oslo (1970)
Hans J. Røsjorde har i tillegg militær utdanning og teneste i perioden 1962 til 1990. I 1982 oppnådde han kapteins grad. Han har òg vore medlem av NATO-parlamentet (1989–2001), og har i samband med det hatt ulike tillitsverv for NATO.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1941
- Fylkesmenn i Oslo og Akershus
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Stortingsrepresentantar frå FrP
- Norske offiserar
- Norske marinbiologar
- Folk frå Larvik