Haggis
- Sjå òg punkbandet Haggis.
Haggis ['hægıs] er ein skotsk matrett som er laga av innmat av får blanda med løk, havregryn og krydder og kokt i ein dyremage.
Haggis blir vanlegvis servert med «neeps and tatties» (kålrabi- og potetstappe). Elles kan haggis i lag med blant anna blodpølse, steikt egg og flesk inngå i den solide skotske frukosten, ofte marknadsført som highland breakfast.
Ein kan i dag kjøpa haggis på butikkar i Skottland og fleire andre delar av Storbritannia året rundt. Slik haggis blir gjerne laga i ulike plasthaldarar i staden for med ekte magesekkar, på same måte som masseproduserte pølser no sjeldan blir laga med tarmar. Haggisen kan også seljast som hermetikk. Ein finn i dag også haggis laga av griseinnmat heller enn får, og vegetarisk haggis, der kjøtet er erstatta med grønsaker eller belgfrukter.
Tradisjonar
[endre | endre wikiteksten]
Fair fa' your honest, sonsie face,
Robert Burns
«Address to a haggis» |
Den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns skreiv eit hyllingsdikt, «Address to a Haggis», som tilhengjarar gjerne les i samband med Burns-dagen 25. januar, der dei også gjerne et haggis.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Hakkemat— norsk parallell til haggis.
- Goetta — amerikansk havrepudding, med innmat frå gris og storfe (Ohio og Kentucky)
- Kishkes — askenasisk innmatspudding
- Morrpølse — norsk lammeinnmatrett
- Pölsa — ein svensk innmatrett
- Saumagen — fylt svinemage, ein tysk innmatrett
- Scrapple — amerikansk maispudding med slakterestar av svinehovud og innmat (Pennsylvania)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Haggis» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Address to a Haggis» Arkivert 2004-06-20 ved Wayback Machine. av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns
- Trua på villhaggisen
- Haggisjakt Arkivert 2003-12-30 ved Wayback Machine.Denne matartikkelen som har med Skottland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.