Hauggrend
59°19′15.8″N 8°08′20.6″E / 59.321056°N 8.139056°E
Hauggrend | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Hauggrend 59°19′16″N 8°08′21″E / 59.321055555556°N 8.1390555555556°E |
Hauggrend er ei lita bygd heilt nord i Fyresdal kommune i Telemark. Bygda ligg langs Fv355 med Skreevatnet på venstre side og er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. På grunn av kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Samkvemmet med nabobygda Veum/Øyane nokre få kilometer lenger sørover Fyresdalen er viktig det òg. Desse bygdene delte tidlegare skule, Hauggrend-Veum skule og barnehage, før denne vart lagt ned på slutten av 1990-talet.
I lokali til den tidlegare Landbruksskolen på Foldsæ er det i dag ein vidaregåande Steinerskule i drift. Bygda har i tillegg nærbutikk, mekanisk verkstad, campingplass og landsbypub.