[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Horst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USGS-bilete

Ein horst er ei heva forkastingsblokk ved sida av normale forkastingar eller graben. Ein horst er ei forlenging av jordskorpa. Den heva bergblokka er ein del av jordskorpa som generelt ligg i ro eller vert heva, medan landet omkring har vorte senka på kvar side.

Vogesane og Schwarzwald er døme på horst. Omgrepet vert òg nytta om større område som den russiske sletta, Arabia, India og sentrale område av Sør-Afrika, der kontinentet held seg stabilt med horisontale platå i fleire lag.

Horst er eit tysk ord for «rovfuglreir» som ligg på ein høg stad som ei klippe.

Horst og utvinning av hydrokarbon

[endre | endre wikiteksten]

I mange riftbekken rundt om i verda finst mange hydrokarbonførekomstar i drenpungar knytte til horst.