Håkon Johnsen
Håkon Johnsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. mars 1914 Trondheim, Klæbu |
Død |
17. oktober 1991 (77 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Håkon Armand Menzoni Johnsen (3. mars 1914–17. oktober 1991) var ein norsk arbeidar og politikar frå Trondheim. Han var stortingsrepresentant 1945-73 for Arbeidarpartiet.
Johnsen var son til ein maskinist og voks opp i arbeidarbydelen Lademoen i Trondheim. Etter å ha fullført middelskulen i 1931 var han lagerekspeditør ved manufakturavdelinga til Norges Kooperative Landsforening i Trondheim. Ved sidan av arbeidet gjekk han i 1935 Arbeiderhøyskolen på Malmøya og i 1942/43 på handelsskule.
Johnsen engasjerte seg tidleg i Arbeidernes ungdomsfylking i Trondheim, formann i Trondheim AUF 1932-35 og Sør-Trøndelag AUF 1937-38. I 1938 kom han inn i Trondheim bystyre. Under andre verdskrigen sat han i tysk fangenskap i fire år. Då krigen var over, tok han plass i bystyret, der han vart verande i ti år framover.
Ved stortingsvalet 1945 vart Johnsen vald til til stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag for Arbeidarpartiet, attvald i 1949. Sidan vart han attvald også i 1953, 1957, 1961, 1965 og 1969, representerte då Sør-Trøndelag fylke. Etter to sesjonar i Helsekomitéen og like mange i Post-, telegraf- og kystfartskomitéen, hadde han plass i Kyrkje- og undervisningskomitéen i tjue år, 1950-1969, siste fire åra var han formann i komitéen. I si aller siste stortingsperiode, 1969-73, var han odelstingspresident og dessutan nestformann i Protokollkomitéen i tre sesjonar, og medlem i Justiskomitéen i ein sesjon.
Johnsen var kjend som ein humørfylt, energisk og frittalande politikar. Han vart ikkje renominert til stortingsvalet 1973, noko som har vorte forklart med krav om kvinnerepresentasjon og hans engasjement for norsk medlemskap i det Europeiske Fellesskap i 1972.
Johnsen var med i mange styre og representantskap i lokale og nasjonale kulturinstitusjonar, både medan han sat på Stortinget og i tida etterpå.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Håkon Johnsen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2016.