[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kvitsoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitsoleie
Kvitsoleie
Kvitsoleie
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Soleieslekta Ranunculus
Art: Kvitsoleie R. platanifolius
Vitskapleg namn
Ranunculus platanifolius

Kvitsoleie er ei 40-120 cm høg plante som veks i frodige og fuktige lier, spesielt i bjørkebeltet, men også over tregrensa og i låglandet. I Noreg er arten først og fremst utbreidd i Sør-Noreg, frå Vest-Agder i sør og nordover til sør i Nordland. På Sørøya i Finnmark finst ein isolert førekomst. I Jotunheimen er planta funnen opp til 1400 moh. Elles finst kvitsoleia over store delar av Europa.

Planta har ein høg, snau stengel, store, handdelte blad og langskafta, kvite blomar. Begerblad og kronblad fell tidleg av. Blomstrar omkring juni.

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]