Kubasmaragd
Kubasmaragd | |
Kubasmaragdhann | |
Kubasmaragdhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kubasmaragd | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Slekt: | Riccordia |
Art: | Kubasmaragd C. ricordii |
Vitskapleg namn | |
Chlorostilbon ricordii |
Kubasmaragd (Riccordia ricordii) er ein liten fugl i den biologiske familien Trochilidae, kolibriar. Han lever i halvopne habitat på Cuba og på Bahamas. På Cuba er han mest kjend under namnet zunzún, men vert òg kalla colibrí og trovador - trubadur.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Kubasmaragden måler ca. 10 cm. Den modne fjørdrakta åt hannfuglen er mørk metallisk grøn, ein sjeldan gong kan han vise svakt iriserande blått eller gullfarge i brystet. Buk og undergump er mindre briljant i farga og undergumpen blir gråkvit. Hofuglane er mørkare og mindre klår i farga enn hannane og bryst og underside er grå. Felles for begge kjønn er gråsvarte venger og kløfta hale i gråsvart med lilla nyanser. Det lange nebbet er svakt bendt, mørkt med rosa farge på undersida. Bak auga har dei ein kvit flekk. Ungfuglar liknar hoene, men på ryggen er dei meir uklåre i grønfarga.
Dei kan stå stille i lufta og dei flyg sidelengs og baklengs når dei flyttar seg mellom blomar. Når dei beitar på blomar kan dei bøye kroppen i rundt 45 grader. Dei lever av nektar og små insekt frå blomar og dei kan ta edderkoppar og insekt i flukt. Nett som andre seglarfuglar, Apodiformes, kan dei ikkje bruke beina til å gå, men som andre kolibriar sit dei på greiner når dei kviler.
Hekking kan skje året rundt, men er mest vanleg om våren. Hofuglen syter for reiret aleine og byggjer reiret på stader som elles er lite vitja av kubasmaragdar. Vanlegvis er dei lojale til reirplassen, men unngår å nytte om att same reiret. Reiret er koppforma og ligg i skuggen på ei tynn forgreining i eit tre, to til fire meter over bakken. Ho startar bygginga med ein ball av tynne strå og legg tynne greiner og røter som forsterkning, deretter opnar ho reirgropa som ho gjer større og formar med kroppen sin. Innsida vert fôra med fine fiber av lav og spindelvev, som også stikk ut. Vidare kan det stikke ut blader eller bark av Bursera-plantar som er nytta som tetningsmiddel. Ho legg to kvite egg, 13 mm lange og 9 mm i breidde. Hofuglen godtar ikkje andre hoer nær reiret og kan dessutan vere svært aggressive mot dyr i alle storleikar som kjem nær. Ungane blir fôra til etter dei har forlate reiret.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Sporadinus riccordi (Chlorostilbon ricordii). Teikning av John Gould og H.C. Richter, 1861.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chlorostilbon ricordii» frå Wikipedia på spansk, den 28. april 2010 og gav følgjande referansar:
- Blanco Rodríguez, P. (1997). El maravilloso mundo de los zunzunes. Flora y Fauna 1(1):39-43. (Empresa Nacional para la Conservación de la Flora y la Fauna, Cuba). ISSN:1028-0863
- García, F. (1987). Las Aves de Cuba. Especies endémicas. Subespecies endémicas. Tomos I y II. Editorial Gente Nueva, La Habana. 207 pp.
- Garrido, O.H.; Kirkconnell, A. (2000). Birds of Cuba. Helm Field Guides, Londres. 253 pp.
- John Gould y H.C. Richter. From A Monograph of the Trochilidæ, or Family of Hummingbirds. London, 1861.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kubasmaragd videoar, bilete og lydopptak hos Internet Bird Collection.