Krapp
Krapp | |
Krapp | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Søteordenen Gentianales |
Familie: | Maurefamilien Rubiaceae |
Slekt: | Krappslekta Rubia |
Art: | Krapp R. tinctorum |
Vitskapleg namn | |
Rubia tinctorum |
Krapp (latin Rubia tinctorum) er ein fargeplante av krappslekta (Rubia) i maurefamilien (Rubiaceae). Røtene til planten kan nyttast til å produsera raudfarge. Krapp blei nytta som fargeplante allereie i oldtida i Midtausten kring 1500 f.Kr. og veks naturleg i vestlege Asia og deler av Europa.
Krapp har gule blomar og smale, lansettforma spisse blad. Planten er giftig.
I jordstengelen og røtene til planten finst glykosidet ruberytrin.[1] Når dette blir behandla med syrer blir det spalta til sukker og det raude fargestoffet alizarin eller krappraudt (8C14H8O4).
Fragment av klede farga med denne planten er funne frå Egypt i oldtida og dessutan i Pompeii og Korint. Planten er også nytta brukt som fargestoff til norske folkedrakter og bunader.[1]
Ein har også nytta krapp i folkemedisinen, mot slimhinnebetennelse, gikt, blærestein og nyrestein.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «krapp» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Krapp» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) krapp hos Artsdatabanken
- (en) krapp i Encyclopedia of Life
- (en) krapp i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) krapp hos Dyntaxa
- (en) krapp hos ITIS
- (en) krapp hos NCBI
- (en) krapp hos The International Plant Names Index
- (en) krapp hos Tropicos
- (en) Kategori:Rubia tinctorum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Rubia tinctorum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Rubia tinctorum – detaljert informasjon på Wikispecies