[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Keltisk mytologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Relieff av Coventina, ei romano-britisk gudinne for vasskjelder.

Keltisk mytologi viser til fleire nærskylde mytologiar knytt til keltarar. Mytologiane kan delast inn i tre undergrupper:

Liksom mange andre folk under den europeiske jarnalderen var dei keltiske folka polyteistiske før dei konverterte til kristendomen. Den keltiske kulturen var ikkje nær så homogen som til dømes den romerske eller greske. Truleg hadde kvar keltisk stamme i det enorme området som den keltiske ekspansjonen omfatta sine eigne gudar. Av desse er drygt 300 kjende. Få av dei keltiske mytane har dessverre overlevd i opphavleg form, men det har ikkje hindra at mytologien deira har påverka den moderne europeiske sivilisasjonen.