[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kelheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kelheim

Kelheim er ein by og kommune i Landkreis Kelheim i delstaten Bayern i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 76,8 km² og ikring 17 000 ibuarar. Kelheim ligg 343 meter over havet, ved åmotet der elva Altmühl renn ut i Donau.

Beifreiungshalle, ei mektig bygning reist til frigjeringa av Bayern i 1813-15 under Napoleonskrigane, kneisar over byen på ein høg kolle.

Skiskyttaren Fritz Fischer er frå Kelheim.