Karlshamns kommun
Karlshamns kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Blekinge län | ||
Landskap | Blekinge | ||
Del av | Blekinge, Q61441538, Blekinge domkrins | ||
Centralort | Karlshamn | ||
Areal | 511,08 km² | ||
• land | 491,33 km² | ||
• vatn | 19,75 km² | ||
Folketal | 31 179 | ||
Folketettleik | 64 / km² | ||
Karlshamns kommun 56°10′00″N 14°51′00″E / 56.166666666667°N 14.85°E | |||
Kart som viser Karlshamns kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Karlshamn Municipality | |||
Nettstad: www.karlshamn.se |
Karlshamns kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar i vest til Olofströms kommun og Sölvesborgs kommun, i aust til Ronneby kommun og i nord til Tingsryds kommun i Kronobergs län. Administrasjonssenteret i kommunen er Karlshamn.
I kommunen finn ein ein av dei største skjergardane i Blekinge, Hällaryds skärgård. Nord for skjergarden ligg det eit eit platålandskap med markerte sprekkedalar i retning nord–sør.
Kommunen har fleire typar industri, som produksjon av sprit (spesielt punsj), sanitærutstyr, elektrisk og elektronisk utstyr og sportsfiskeutstyr (ABU Garcia). Han inneheld òg eit stort varmekraftverk.
Adminstrativ historikk
[endre | endre wikiteksten]I 1863, då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft, var området samansett av Karlshamns stad og fem sokn. I år 1881 kom endå ein landkommune til, Ringamåla, gjennom utbryting frå Asarum. Ved kommunereforma i 1952 vart «storkommunane» Hällaryd (av kommunane Hällaryd og Åryd), Asarum (gjennom gjenforeining av Asarum och Ringamåla) og Mörrum (av kommunane Elleholm og Mörrum) oppretta. I 1967 vart Karlshamns stad slått saman med Asarum, Hällaryd og Mörrum. Allereie fire år før einskapleg kommunetype vart innført, hadde altså Karlshamns kommun fått si noverande form.
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Blasonering: Eit skjold med bølgjedeling i gull, der ei oppstigande svart løve med raud tunge og raude klør held eit ståande svart anker med begge frampotane, samt i grønt.[1]
Byvåpenet til Karlshamn vart fastsett allereie i privilegiebrevet frå 1666. Det same våpenet vart i 1974 registrert for Karlshamns kommun. Asarum og Mörrum hadde begge våpen frå 1940-talet, og desse vart ugyldige.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Det er seks tettstader i Karlshamns kommun. Ein mindre del av tettstaden Pukavik ligg også i kommunen, men den største delen ligg i Sölvesborgs kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1 | Karlshamn | 18 768 |
2 | Mörrum | 3 655 |
3 | Svängsta | 1 742 |
4 | Hällaryd | 553 |
5 | Åryd | 362 |
6 | Torarp | 273 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Karlshamns kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Karlshamn» på Store Norske Leksikon.
Fotnote
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sköld av vågskura delad i guld, vari ett uppstigande svart lejon med röd beväring, vilket med båda framtassarna håller ett stolpvis ställt svart ankare, samt i grönt».