[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kari Brattset Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Brattset Dale


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1991 (33 år)
Fredrikstad
Idrett handball
Tok del i Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2024 – Kvinner

Kari Skaar Brattset Dale (fødd 15. februar 1991) er ein norsk handballspelar frå Varteig i Sarpsborg, som vann sølvmedalje med Noreg i Handball-VM 2017. Ho er linjespelar, sidan sommaren 2018 aktiv i Györ frå Ungarn. Kari Brattset Dale var i 2020 ein sentral spelar på det norske landslaget som vann EM-gull. Perioden 2016-24 deltok ho i 132 landskampar og skåra 345 mål.

Brattset Dale spelte 2007-11 på Sarpsborg IL, 2011-14 på Fredrikstad BK, 2014-16 på Glassverket IF og 2016-18 på IK Våg. Brattset Dale vart norsk seriemeister 2018 med Våg Vipers.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Brattset fekk sin landslagdebut mot Romania 13. mars 2016. Ho fekk ikkje plass i troppa til Sommar-OL 2016. Sidan 2017 har ho vore med i alle meisterskapsturneringar til 2024, frårekna Handball-EM 2022 grunna barnefødsel. I denne perioden sanka ho VM-sølv 2017, EM-gull 2019, OL-bronse og VM-gull i 2021, VM-sølv i 2023 og olympisk gullmedalje i 2024. I Paris-OL 2024 vart ho elles kåra til turneringas beste linjespelar.

Merittar landslag

[endre | endre wikiteksten]