Karadah
Karadah | |||
distrikt | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Bagdad | ||
By | Bagdad | ||
Koordinatar | 33°18′N 44°26′E / 33.300°N 44.433°E | ||
Karadah 33°18′00″N 44°26′00″E / 33.3°N 44.433333°E | |||
Kart som viser Karadah.
| |||
Wikimedia Commons: Karrada |
Karrada (arabisk كرّادة, Karrāda) er ein øvre mellomklassebydel i Bagdad i Irak. Folkesetnaden er blanda med ein sjiamuslimsk majoritet og ein større kristen minoritet. Han er ein av dei mest religiøst mangfaldige i byen og ein av to store bydelar med eit kristent samfunn i Bagdad, i lag med Dora. Alle kristne i distriktet held til i Indre Karrada, der dei fleste kyrkjene står. Bydelen er delt inn i to mindre område, Nazaith og Masbah. Karrada ligg nord på ei halvøy i ein sving i elva Tigris. Det vart bygd mykje langs elvebreidda og vore medverkande til at området er ein dyr bydel i dag.
Karrada har vore utsett for mange terroriståtak gjennom åra,[1][2] dels på grunn av den store kristne busetnaden og rikdomen her. Området er elles relativt fritt for sektvesen, og dei som bur her lever ganske godt i lag. Flyselskapet Al-Naser Airlines har hovudkvarteret sitt i Karrada, i eit område like ved det private sjukehuset Al Jadirya.[3] 3. juli 2016 førte eit terroristbombeåtak til at minst 340 menneske mista livet på ein kveldsmarknad nær slutten av ramadan.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Karadah» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Car Bombs Kill Over a Dozen in Central Baghdad's Karrada Area», www.aol.com (på engelsk), henta 7. februar 2019
- ↑ «Hostages die in Iraq church siege» (på engelsk). 1. november 2010.
- ↑ «Contact Us». Al-Naser Airlines. Arkivert frå originalen 15. februar 2011. Henta 13. februar 2011. «Main Branch: Al-Karrada , Babil Region - Distrlct 929 [sic] - St21 - Home 46 - Beside Al Jadirya Private Hospital. [...] Iraq- Bagdad»
- ↑ Hassan, Falih. «Bombings kill more than 120 in Bagdad». NYT. NYT.