[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kabul i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabul
כָּבּוּל, כאבול, كابول, al-Kabul
lokal kommune
Namneopphav: frå Kabul, eit personnamn[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°52′11″N 35°12′8″E / 32.86972°N 35.20222°E / 32.86972; 35.20222
Areal 7,15 km²
Folketal 12 500  (2014)
Folketettleik 1 748 / km²
Bystatus 1974
Kart
Kabul i Israel
32°52′06″N 35°12′41″E / 32.868333333333°N 35.211388888889°E / 32.868333333333; 35.211388888889
Kart som viser Kabul i Israel.
Kart som viser Kabul i Israel.
Kart som viser Kabul i Israel.
Wikimedia Commons: Kabul (Israel)

Kabul (arabisk كابول}}, hebraisk כָּבּוּל) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel, 14 km søraust for Akko og nord for Shefa-'Amr.

Det er gjort funn av keramikkbitar frå persisk tid i Kabul,[2] i tillegg til gravkammer nytta frå det første hundreåret til 500-talet.[3]

Kabul er truleg den bibelske byen Cabul nemnt av Josva. I romartida kalla Josefus byen «Chabolo» og slo leir der. Han skildra han som ein utpost der ein starta streiftog til Galilea frå.[4]

Det er funne potteskar frå slutten av den hellenistiske og tidlege romartida, i tillegg til bysantinsk tid[5][6] og bad datert frå bysantinsk tid, som vart nytta langt inn i omajadetida.[7]

Al-Muqaddasi vitja Kabul i 985 evt., medan han vart styrt av abbasidane. Han skreiv at «det er ein by i kystområdet. Han har enger med sukkerøyr og dei lagar det beste sukkeret — betre enn nokon annan stad i SyriaAli frå Herat skreiv i 1173 at to av sønen til Jakob er gravlagde i byen, nemleg Ruben og Simeon.[8] Kabul var ein av dei viktigaste byane i Jund al-Urrdun.[9] Namnet under krossfarane var «Cabor». På 1300- og 1400-talet var han ein jødisk pilegrimsstad fordi gravene til dei jødiske vitskapsmennene og filosofane Abraham ibn Ezra, Judah Halevi og Salomo ibn Gabirol låg her.[10]

Restane av bygningar daterte til mamelukkane vart grave ut i 1999.[5]

Osmansk tid

[endre | endre wikiteksten]

I 1859 var folketalet estimert til 400.[11]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1875 og skreiv at «i sidene og toppen av åsen finst det mange cisterner, skore ut i berget, og mange bitar av steinar, fragment av søyler, restar av ein mur og og sarkofagar med diskar og kransar.»[12]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kabul som ein mellomstor landsby, med oliven i nord og sør.[11]

Det britiske mandatet

[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet hadde Kabul eit folketal på 365, alle muslimar,[13] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 457, framleis alle muslimar, i 100 hus.[14]

I 1945 var folketalet 560, alle arabarar, med eit totalt landareal på 10 399 dekar, i følgje ei offisiell måling.[15] Av dette var 1 065 for plantasjar og irrigert land, 5 539 for korn,[16] medan 56 dekar var klassifisert som utbygde område.[17]

Etter 1948

[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart erobra av Israel den 15. juli 1948 under Operasjon Dekel av Shevabrigaden. Israelske styrkar gjekk ikkje til åtak på Kabul og særs få av innbyggjarane i Kabul flykta frå landsbyen. Den 8. januar 1949 var innbyggjarane i Kabul, i lag med andre frå I'billin, av ei gruppe arabarar på 97 menn og 31 kvinner og barn, som vart drivne bort til Vestbreidda ved 'Ara.[18] Alle dei palestinske landsbyane i Galilea vart verande i unntakstilstand fram til 1966. Alle som ikkje var registrerte i folketeljinga i november 1948 var «ulovlege» og kunne deporterast.

I dag er det fem moskéar i byen.[19] I 1974 hadde han status som lokal kommune av dei israelske styresmaktene.[20]

  1. Palmer, 1881, s. 110
  2. Raya, 2013, Kabul
  3. Dauphin, 1998, s. 663
  4. Robinson, 1856, s. 88.
  5. 5,0 5,1 Abu-‘Uqsa, 2007, Kabul
  6. Zidan and Alexandre, 2012, Kabul
  7. Raya, 2013, Kabul
  8. le Strange, 1890, s. 467
  9. le Strange, 1890, s. 39
  10. Vilnay, Zev. (2003). Legends of Palestina. Kessinger Publishing, s.406.
  11. 11,0 11,1 Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 271
  12. Guérin, 1880, s. 422-423; as translated by Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 308
  13. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 37
  14. Mills, 1932, s. 101
  15. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 40[daud lenkje]
  16. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 80[daud lenkje]
  17. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 130[daud lenkje]
  18. Morris, Benny (1993) Israel's Border Wars, 1949 - 1956. Arab Infiltration, Israeli Retaliation, and the Countdown to the Suez War. Oxford University Press, ISBN 0-19-827850-0. s.145
  19. Welcome to Kabul[daud lenkje] Palestina Remembered.
  20. Gutterman, Dov. Kabul (Israel) CRW Flags.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]