Koparand
Koparand | |
Koparand, hannfugl Foto: Duncan Wright
| |
Status | |
Status i verda: Nær truga | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Anas |
Art: | Koparand A. chlorotis |
Vitskapleg namn | |
Anas chlorotis |
Koparand (Anas chlorotis) er ei grasand i Anas-slekta som lever på nokre få og små lokalitetar på New Zealand. Artsnamnet på maori er Pāteke. Tidlegare var bronseand, Anas aucklandica, og campbelland, Anas nesiotis, rekna som konspesifikke med koparand. Bronseand som lever på Aucklandøyane og campbelland på Campbelløyane, er begge utan flygeevne.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Koparanda er i gjennomsnitt ca. 48 centimeter i kroppslengd og veg ca. 500–600 gram. Hofuglen er koparbrun, hannfuglen i praktdrakt har grønglansa hovud, ein uklår, smal kvit ring rundt halsen og er noko mørkare på ryggen enn på kroppssidene. Begge har kvit augering og viser eit grønt vengespegl, speculum i flukt.
Koparanda har habitat i estuar, lagunar og bekkar som påverkast av tidevatn, og i anna sumpar og våte område. Ho beitar i skumring og nattemørke på marine virveldyr og andre virveldyr i vatn.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Hekking førekjem på fastlandet så vel som på øyar i Fiordland, på austkysten av Northland, spesielt på Great Barrier Island. Dei legg oftast egg i perioden juni til oktober, kvart kull er typisk 5 egg. Den lengst kjente levetida for ei koparand er over seks år.
Storleiken på populasjonen har gått mykje tilbake, tidlegare var dei vanlege i våte område over heile landet. Nedgangen skjedde truleg på grunn av drenering av våtmark og av innførsel av hundar og kattar. Grunna vernetiltak er trenden snudd. Populasjonen er no estimert til 1900 individ (2012) og er aukande.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
- Referansar
- ↑ BirdLife International (2012) Species factsheet: Anas chlorotis Arkivert 2012-08-19 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Koparand hos Artsdatabanken
- (en) Koparand – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Koparand i Encyclopedia of Life
- (en) Koparand i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Koparand hos Fossilworks
- (en) Koparand hos ITIS
- (en) Koparand hos NCBI
- (en) Kategori:Anas chlorotis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Anas chlorotis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anas chlorotis – detaljert informasjon på Wikispecies