Kollsnes
Kollsnes er eit område i Øygarden kommune i Hordaland fylke. Området vert dominert av Kollsnes gassanlegg,
Kollsnes er Statoil sitt prosessanlegg for gass som ligg på den sørlege del av Oøy i Øygarden kommune.
Prosessanlegga på Kollsnes i Øygarden vest for Bergen handsamar gassen frå Troll, Kvitebjørn og Visund. Anlegga kan ta imot inntil 120 millionar standard kubikkmeter (Sm3) naturgass i døgeret. Etter at den 6. eksportkompressoren vart installert i 2005, er kapasiteten frå 1. oktober 2006 auka til 143 millionar Sm3 i døgeret.
På Kollsnes vert våtgassen (NGL – natural gas liquids) skild ut av gassen. Tørrgassen vert komprimert før store kompressorar skuvar den ut i røyrsystema som tek gassen ut til kundane.
Kvitebjørn og Visund
[endre | endre wikiteksten]I 1999 vart det teke avgjerd om at gassen frå Kvitebjørn skulle førast i land på Kollsnes. Gassen frå dette feltet har ei samansetjing som gjer han veleigna for vidarehandsaming til oppgraderte produkt. Det vart bygd ein ny fabrikk for ekstraksjon av våtgass frå den rike gassen frå Kvitebjørn. Den nye fabrikken representerte ei investering på i underkant av tre milliardar kroner, og innleidde ein ny epoke på Kollsnes då han vart sett i drift 1. oktober 2004. Frå oktober 2005 vart også gass frå Visund-feltet ført i land på Kollsnes.
Med ein kapasitet på 26 millionar Sm3 gass per døger og stor fleksibilitet, kan det nye NGL-anlegget også foredle gass frå framtidige felt som blir bygde ut.