Knut K. Heje
Utsjånad
- For den eldre broren med same namn, sjå Knut Knutsen Heje.
Knut K. Heje | |||
| |||
Fødd | 27. februar 1860 | ||
---|---|---|---|
Død | 13. mai 1925 (65 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | bonde | ||
Alle verv |
|
Knut Knutsson Heje (27. februar 1860–13. mai 1925) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Flå i Buskerud som representerte einmannskrinsen Hallingdal og partiet Venstre på stortinget 1916-18.
Heje var elev 1876-78 på Jønsberg landbruksskole og studerte 1879/80 ved Ås høgre landbruksskule og 1883/84 Den kongelige Veterinær- og Landbrukshøyskole i København. Eit års tid var han så styrar ved Stange Meieribolag, før han i 1885 tok over farsgarden Heje i Flå. Tida 1904-10 var han ordførar i Nes herad og forlikskommissær, elles var han medlem både av skulestyret i Nes og i amtet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi Arkivert 2018-07-30 ved Wayback Machine.