Fredstraktaten i Amiens
Fredstraktaten i Amiens blei underskriven av den 25. mars 1802 av Joseph Bonaparte og Charles Cornwallis som ein «endeleg fredsavtale» mellom Frankrike og Storbritannia. Han enda Dei franske revolusjonskrigane.
Gjennom avtalen lova britane å gje Malta tilbake til maltesarordenen, Egypt tilbake til Tyrkia, Ceylon til Nederlanda og Trinidad til Spania. Britane anerkjente den franske republikken og kong Georg III fjerna den historiske tittelen «Konge av Frankrike» frå dei andre titlane sine. Franskmennene lova å trekkja seg tilbake frå Napoli og Roma.
Freden kom i stand etter at William Pitt den yngre hadde gått av som britisk statsminister i 1801. Han blei erstatta av Henry Addington, som straks tok kontakt med Napoléon Bonaparte (bror til Joseph Bonaparte) med eit framlegg til fredsavtale. Sjefsforhandlarane for Frankrike var Charles-Maurice de Talleyrand og Joseph Bonaparte og for Storbritannia Robert Jenkinson, 1. jarl av Liverpool.
Freden varte ikkje lenge. Napoleonskrigane braut ut i 1803, og i 1804 var William Pitt d.y. igjen britisk statsminister.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fredstraktaten i Amiens» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2019.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Lindqvist, Herman (2008): Napoleon, ISBN 8251623952