[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Franz Berwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz Berwald

Statsborgarskap Sverige
Fødd 23. juli 1796
Stockholm
Død

3. april 1868 (71 år)
Stockholm, Stockholm, Tyska S:ta Gertruds församling

Yrke komponist, musikkforskar, universitetslærar, kirurg, fiolinist, bratsjist
Språk svensk
Far Christian Friedrich Georg Berwald
Franz Berwald på Commons
Franz Berwald ca. 1860

Franz Adolf Berwald (23. juli 17963. april 1868) var ein svensk komponist og fiolinist med tyske anar.

Av samtida si blei Franz Berwald aldri særleg omtykt, men i ettertid vert Berwald rekna som ein av dei viktigaste svenske komponistar på 1800-talet. Han var spesiell i stilen, med ei slags personleg vidareutvikling av wienerklassisismen. Likevel hadde han stor påverknadskraft på andre komponistar.

Av verka hans finn ein fire symfoniar, to operaer, to operetter, ein septett og to strykekvartettar.

Franz Berwald har gjeve namn til Berwaldhallen i Stockholm, som huser Sveriges Radio sitt symfoniorkester.

Spire Denne komponistartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.