[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Flenjatunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flenjatunnelen
TransportererE16
StadFlåm - Langhuso
KommuneAurland
FylkeSogn og Fjordane
Lengd5053 m
Stigning6,5%
Opna1985
Kart
Flenjatunnelen
60°53′06″N 7°05′42″E / 60.885°N 7.095°E / 60.885; 7.095

Flenjatunnelen er ein tunnelEuropaveg 16 i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Tunnelen går gjennom Flenjaeggi mellom Flåm og Langhuso i Undredalen. Tunnelen er 5053 meter lang, og vart opna i 1985. Då han vart opna gav Flenjatunnelen vegutløysing for Undredal. Seinare kom også Gudvangatunnelen til Gudvangen.

Flenjatunnelen vart ein del av gamle Riksveg 601 mellom Flåm og Undredal då han opna. Gudvangatunnelen vart opna i 1991, og Riksveg 50 vart forlengd via Flenjatunnelen til Gudvangen. Då Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland vart opna i 2000, vart vegen mellom Aurlandsvangen og Gudvangen ein del av Europaveg 16.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]