[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Filosofem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filosofem
Studioalbum av Burzum
Språk fleire språk
Utgjeve 1. januar 1996
Innspelt Breidablik Studio
Mars 1993
Sjanger Black metal
Mørk ambient
Lengd 64:34
Selskap Misanthropy Records
Cymophane Records
Produsent Pytten
Count Grishnack
Kritikk
Burzum-kronologi 
Burzum / Aske
(1995)
Filosofem Dauði Baldrs
(1997)
Studioalbum-kronologi
Hvis lyset tar oss
(1994)
Filosofem Dauði Baldrs
(1997)


Filosofem er den sjette utgjevinga – femte i kronologien – til Burzum, eit norsk black metal-prosjekt. Albumet vart spelt inn i løpet av mars 1993 i Breidablik Studio. Albumet var den siste utgjevinga før den einaste medlemen i Burzum vart fengsla. Albumet var utgjeve nesten tre år etter innspelinga, i januar 1996.

Innspelinga av albumet skjedde under særs dårlege tilhøve. Ikkje nokon ekte gitarforsterkar vart brukt, i staden vart stereoanlegget til Vikernes sin bror brukt som ein forsterkar. Vikernes enda òg med å bruka eit gamalt headset som mikrofon.

Plateomslaget er godt inspirert av Op under Fjeldet toner en Lur av Theodor Kittelsen.

Plateomslaget er eit bilete av Theodor Kittelsen, kalla Op under Fjeldet toner en Lur.

Nr.TittelTysk versjonLengd
1.«Burzum»"Dunkelheit" (Mørke)7:05
2.«Jesu Død»"Jesus' Tod"8:39
3.«Beholding the Daughters of the Firmament»"Erblicket Die Töchter Des Firmaments"7:53
4.«Decrepitude I»"Gebrechlichkeit I"7:53
5.«Rundtgåing av den transcendentale egenbetens støtte»"Rundgang Um Die Transzendentale Säule Der Singularität"25:11
6.«Decrepitude II»"Gebrechlichkeit II"7:53

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]