Fognafjorden
Utsjånad
Fognafjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommunar | Stavanger, Strand | ||
Fognafjorden 59°06′57″N 5°55′39″E / 59.11571111°N 5.92746694°E |
Fognafjorden er ein sidearm av Boknafjorden i kommunane Stavanger og Strand i Rogaland. Det meste av fjorden ligg på sørsida av øya Fogn, som han er kalla opp etter. Han har innløp i vest ved dei vesle holmane Tåde mellom Marshovet fyr i sør og Rossøya i nord. Frå her strekker fjorden seg 8 km nordaustover til området aust for Fogn, der Fisterfjorden held fram nordaustover.
Søraust for Fogn stikk Årdalsfjorden seg austover og inn til Årdal i Hjelmeland. I vest grensar Fognafjorden til Hidlefjorden i sørvest, Brimsefjorden i vest og Talgjefjorden i nordvest. Medrekna Årdalsfjorden har Fognafjorden ei lengd på 18 km.