[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Eswatini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Umbuso weSwatini
Kingdom of Eswatini

(norsk: Eswatini, eswatinisk)

Det eswatiniske flagget Det eswatiniske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nkulunkulu Mnikati wetibusiso temaSwati»
Motto Swati: Siyinqaba
(Vi er festninga)
Geografisk plassering av Eswatini
Offisielle språk Swati og engelsk
Hovudstad Mbabane
Styresett
Monarki
Mswati III
Cleopas Sipho Dlamini
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
17 364 km² (155.)
0,9 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 467 152 (151.)
84,5 /km² (98.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
6. september 1968
Nasjonaldag 6. september
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
USD (.)
Valuta Lilangeni
Tidssone UTC +2
Telefonkode +268
Toppnivådomene .sz


Eswatini eller eSwatini, tidlegare Swaziland, er eit kongedøme i det sørlege Afrika. Staten er ein av dei minste i Afrika, og ligg mellom Sør-Afrika og Mosambik på austsida av fjellkjeda Drakensberg. Namnet er kalla opp etter bantufolket swazi.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Eswatini er inndelt i fire provinsar: Hhohho, Lubombo, Manzini og Shiselweni.

  • Lågaste punkt: Elva Great Usutu, 21 moh.
  • Naturressursar: Asbest, kol, vasskraft, skog, små mengder med gull og diamantar
  • Folks gjennomsnittsalder: 18,5 år (2002)
  • Folks middellivslengde: 39,5 år (2003)
  • Spedbarnsdøydelegheit: 6,7 % (2003)
  • Etniske grupper: afrikanarar 97 %, europearar 3 %
  • Religion: zionistar (ei blandning av kristendom og dyrking av forfedrar) 40 %, katolikkar 20 %, muslimar 10 %, andre 30 %
  • Analfabetisme: I 2003 var om lag 20 % av folkesetnaden over 15 år analfabete
Kart over Eswatini

Fjella i landet gjev store skilnader i temperatur og nedbør. I dei høgareliggande områda mot vest er vinteren tørr og mild, og nettene vert ofte kalde. Sommaren er varm med litt meir nedbør, men temperaturane vert sjeldan veldig høg. Mbabane har ein årleg nedbørsnormal på 1401 mm. Landet heller mot aust, og grenseområda mot Mosambik er lågland med nesten tropisk klima. Sommaren her er varm og fuktig.