Ellen Arnstad
Ellen Arnstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1965 (59 år) Kongsvinger |
Yrke | journalist, redaktør |
Ellen Arnstad på Commons |
Ellen Arnstad (fødd 20. september 1965 i Kongsvinger) er ein norsk journalist, redaktør og medieleiar. Ho er sjefredaktør i bladet HENNE og har vore det sidan ho starta opp bladet i 1994. I tillegg har ho vore forlagsdirektør for Allers Familie-Journal sidan 2000.
Arnstad var også tilknytt bladet Allers frå 1989 til 1993, fyrst som reportasjesjef, og deretter som redaktør. Elles har ho arbeidd som journalist i Akers Avis/Groruddalen, Allers, Norsk Ukeblad og Billedbladet NÅ og som frilansjournalist i TV Norge. Ho har også vore styremedlem i Norsk Redaktørforening i to periodar og er varamedlem i Pressens Faglige Utvalg.
I 2005 vart ho kåra til «Årets kvinnelige medieleder» av Medienettvarket – forum for kvinner i ledelse.
Ellen Arnstad er noregsmeister i rytmisk sportsgymnastikk for lag frå 1984.
Ho deltok hausten 2009 i programmet Skal vi danse på TV 2.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Knut Olav Åmås [red.]: «Arnstad, Ellen» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
- «Ellen Arnstad» på Store Norske Leksikon, innhenta 01.07.2009.