Eleonora
Eleonora er eit kvinnenamn av uviss tyding. Namnet er kjend frå italiensk og stammer frå fransk Eléonore, ei form av oksitansk Aliénor.
Eleonora har namnedag i Sverige den 11. juli saman med Ellinor, og i Danmark den 28. juni.
Tyding
[endre | endre wikiteksten]Namnet er blitt forklart som ei avleiing frå arabisk, kanskje med tydinga 'Gud er mitt lys', ei form av det greske Helena som tyder 'lysande', eller med eit germansk førsteledd 'ali' som tyder 'annan' eller 'framand'.
Namnet er kjend frå mellomalderherskaren Eleonora av Akvitania. Ho skal ha blitt kalla opp etter mora Ænor de Châtellerault. oppkallingsform, Alia-Ænor, der førsteleddet tyder 'andre' og Ænor er eit namn som tyder tyder 'lega' eller 'mjukna'.
Andre former av namnet er Ellinor og Leonora. Det har elles kortformer som Ellen, Elly, Lore og Nora.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Eleonora av Akvitania, fransk og engelsk dronning som levde på 1100-talet
- Eleonora di Arborea, sardinsk dommar og folkehelt som levde på 1300-talet
- Eleonore Helena av Portugal (1436–1467), gift med Fredrik III av det tysk-romerske riket
- Eleonora di Toledo (1522–1562), spanskfødd adelskvinne og grevinne av Firenze
- Maria Eleonora (1599-1655), svensk dronning gift med Gustav II Adolf av Sverige
- Eleanora James (1600-talet), engelsk skribent
- Hedvig Eleonora (1636-1715), svensk dronning gift med Karl X Gustaf av Sverige
- Ulrika Eleonora (1656-1693), danskfødd dronning gift med Karl XI av Sverige
- Dronning Ulrika Eleonora (1688-1741), svensk dronning gift med Fredrik I av Sverige
- Ulrika Eleonora Stålhammar (1688–1733), svensk soldat i den store nordiske krigen som gav seg ut for å vera mann
- Eleonora Fonseca Pimentel (1751-1799), italiensk diktar og revolusjonær
- Eleonora Olson (1870-1946), norsk-amerikansk artist
- Eleonora Duse (1858–1924), italiensk skodespelar
- Eleonore Bjartveit (1924-2002), norsk politikar (KrF)
- Eleonora Giorgi (f. 1953), italiensk skodespelar og filmmakar
- Leonor av Spania (f. 2005), spansk prinsesse
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- 354 Eleonora er namnet på ein stor hovudbelteasteroide
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Eleonora» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Eleonora» frå Wikipedia på svensk, den 12. april 2009.