Elderslie
Elderslie | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Ach na Feàrna | |
Wallace Monument | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Renfrewshire | |
Tradisjonelt grevskap | Renfrewshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
5 180 | |
Koordinatar | 55°50′N 4°29′W / 55.833°N 4.483°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PA5 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1505 | |
Elderslie er ein landsby i regionen Renfrewshire i Skottland. Han har kring 5000 innbyggjarar. Den gamle stavemåten for staden er «Ellerslie». Landsbyen ligg 4 km unna Paisley og ligg midtveges mellom Paisley og Johnstone. Elderslie er kjent for å vere den sannsynlege fødestaden for den skotske nasjonalhelten William Wallace.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Elderslie er Ach-na-Feàrna i skotsk-gælisk, men namnet kjem frå Alder lea, eller elloern på gammal-engelsk der «li» tyder «snever». Landsbyen vart grunnlagt i 1398, sjølv om det var busetjing i området lenge før den tida, som Eldersly. Timothy Ponts kart frå 1596 har merkt staden som Ellersley.
William Wallace-monumentet vart avduka han 28. september 1912 av Sir Thomas Glen-Coats. Det vart forma av J. C. Murrey frå Westminister. Det er rundt 12 meter høgt og fundamenta er 7 meter over bakken. Kvar einaste august blir «Wallace Day» arrangert med ein marsj frå sentrum av Johnston til monumentet.
William Wallace vart fødd i Elderslie rundt 1271. Ei lokal segn om eiketreet «Wallace Oak» fortel at Wallace unngjekk å bli fanga av engelskmennene ved å gøyme meir enn 100 av mennene sine i eit gigantisk tre. Treet forfall grunna alder og suvernierjegerar som fjerna barken. Ein avlegg frå ei 300 år gamle Wallace-barlind vart planta på utsida av den nye skotske parlamentsbygningen i Edinburgh.
I nærleiken av vegen som går til Gleniffer Braes finst større helleristningar med mange sirklar og groper som blir kalla for «kopp-og-ring»-markeringar, ikkje ulik tilsvarande som finst på vestkysten i Noreg. Dei blir trudd å vere minst 3000 år gamle og kan vere symbol på velstand og mengd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elderslie» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2011.