El Rom
El Rom | |||
אֶל רוֹם | |||
landsby | |||
Region | Golanhøgdene | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Golan regionale kommune | ||
Koordinatar | 33°10′46″N 35°46′17″E / 33.17944°N 35.77139°E | ||
Folketal | 308 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1971 | ||
• Grunnlagd av | Medlemmar av Sionistungdomsrørsla | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
El Rom 33°10′46″N 35°46′17″E / 33.179444444444°N 35.771388888889°E | |||
Kart som viser El Rom.
| |||
Wikimedia Commons: El-Rom | |||
Nettstad: kfar-elrom.com |
El Rom (hebraisk skrift אֶל רוֹם, tyder 'Til høgda') er ein israelsk busetjing og ein kibbutz nord i Golanhøgdene som ligg i kommuneområdet til Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]
El Rom har eit folketal på kring 350 (2005).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden ligg to kilometer vest for Hermon, i ei høgd på 1050 meter over havet. El Rom og den nærliggande moshaven Odem er dei to høgastliggande jødiske busetjingane i Israel etter Nimrod.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen vart grunnlagd i 1971 av ei gruppe nybyggjarar frå Machanot HaOlim sionistungdomsrørsle. Sjølv om dei hadde tenkt å slå seg ned i Beit HaArava sør i Jordandalen, vart dei overtydd om å flytte til Golanhøgdene. Den første bysetjinga låg i nærleiken av den okkuperte syriske byen Quneitra, men denne vart øydelagd under Jom kippúr-krigen, og eit enormt stridsvognslag fann stad på slettene kring byen.
Klima
[endre | endre wikiteksten]El-rom har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og kjølige, fuktige vintrar. Sidan han ligg nord i Golanhøgdene og i ei høgd på over 1000 meter over havet, er klimaet ganske unikt samanlikna med resten av Israel. Sommaren, mellom mai og september, er nesten heilt tørr utan nedbør i det heile, og temperaturar kring 25-30 °C midt på dagen i juli og august. Nettene er kjølige på grunn av ein kontinental vind som bles frå dei store ørkenane i aust. Vintertemperaturen er lågast i januar og februar med 2-3 °C midt på dagen, og stundom under null grader. Regn byrjar å kome i september og endar kring mai, og fyller reservoara og gjev vatn til Genesaretsjøen. Årsnedbøren er i snitt 940 millimeter, og noko av dette kjem som snø i løpet av vinteren. Tåke er vanleg året gjennom.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Økonomien er hovudsakleg basert på jordbruk, og det vert hausta eple, pærer, jordbær og vindruer.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «El Rom» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 25. februar 2014.
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.