Elva Tarn
Tarn | |||
elv | |||
Gorges du Tarn.
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 15 700 km² | ||
Lengd | 375 km | ||
Middelvassføring | 200 m³/s | ||
Kjelde | Cevennane | ||
• høgd | 1 550 moh. | ||
Munning | Garonne | ||
Elva Tarn 44°24′54″N 3°48′51″E / 44.415°N 3.8142°E | |||
Wikimedia Commons: Tarn River |
Tarn (tarnis på latinsk tyder «rask» eller «innmurt») er ei 375 km lang elv sør i Frankrike (regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées) og ei av sideelvane til Garonne frå høgre.
Tarn renn hovudsakleg vestover, og har utspring i ei høgd på 1 550 meter over havet ved Mont Lozère i Cevennane (del av Massif Central). Ho renn mellom anna gjennom ei djup og lang kløft kalla Gorges du Tarn til Moissac i Tarn-et-Garonne, der ho munnar ut i Garonne 4 km nedanfor sentrum av byen.
Ho har eit tilsigsområde på om lag 12 000 km², og ei middelvassføring på om lag 140 m³ per sekund.
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Dei største sideelvane til Tarn er Tarnon, Dourbie, Agout og Aveyron.
Department og byar
[endre | endre wikiteksten]Tarn renn gjennom følgjande departement og byar:
- Lozère: Le Pont-de-Montvert
- Aveyron: Millau
- Tarn: Albi, Gaillac, Rabastens
- Haute-Garonne: Villemur-sur-Tarn
- Tarn-et-Garonne: Montauban, Moissac.
Viaduc de Millau, den høgaste brua i verda, langs motorvegen A75 kryssar Tarnkløfta nær Millau. Ho opna i desember 2004.
Tarn er, i lag med Donau, kjend for å ha skapt nokre av dei største flaumane i Europa. Den mest vidkjende skjedde i mars 1930. Då steig Tarn med meir enn 17 meter over normalt vassnivå i Montauban på berre 24 timar, og fekk ei vassføring på 7 000 m³/s (middelvassføringa i Rhinen er 2 200 m³/s, i Nilen var middelvassføringa under den årlege flaumen 8 500 m³/s før Aswandemningen vart bygd og i Mississippielva 16 200 m³/s). Ein tredjedel av departementet Tarn-et-Garonne vart råka og om lag 300 menneske mista livet. Tusenvis av hus vart øydelagde, dei lågare distrikta i Montauban vart øydelagde, og nesten heile byen Moissac forsvann.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tarn River» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Turisme ved Tarn Arkivert 2008-06-23 ved Wayback Machine.
- Tarn på euroriviere.com Arkivert 2008-06-28 ved Wayback Machine.