Elva Santiago
Utsjånad
Elva Santiago | |||
elv | |||
Land | Ecuador, Peru | ||
---|---|---|---|
Elva Santiago 4°26′06″S 77°38′25″W / 4.435034°S 77.640206°W | |||
Wikimedia Commons: Río Santiago (Marañón) |
Santiago er ei av dei store sideelvene til Marañón. Ho startar med ein bit i Morona-Santiago-provinsen i Ecuador og renn heilt aust i Amazonas-regionen i Peru parallelt med grensa til Loreto-regionen. Santiago oppstår der Zamora og Namangoza flyt saman i Morona-Santiago og endar i Marañón mellom Teniente Pinglo og Pongo de Manserriche. Saman med Morona, drenerer Santiago store delar av Morona-Santiago-provinsen. Zamora drenerer dessutan delar av austlege Zamora-Chinchipe-provinsen. Landskapet ved Santiago ligg mellom 200 og 500 moh.
Santiago er grovt rekna 220–230 kilometer lang, av det ca. 50 km i Ecuador. Men går ein til dei fjernaste kjeldene i Azuayprovinsen er ho vesentleg lengre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- The Rough Guide Map Peru, Rough Guide
- thinkquest.org om hydrografi Arkivert 2008-03-28 ved Wayback Machine.