[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Eirik Sommer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eirik Martin Torvaldsson Sommer (28. oktober 183212. april 1904) var ein norsk lærar og forfattar. Han var ein av dei fyrste til å gje ut bøker på landsmål.[1]

Sommer var fødd i Trondheim som son av ein skomakar. Han utdanna seg til lærar ved Klæbu seminar, som han gjekk ut frå i 1852. Deretter var han huslærar i nokre år, før han verka på verksskulen ved Nedre Leirfoss i Strinda i åtte år. Han måtte etterkvart gje seg som lærar på grunn av nedsett syn. I 1867 kjøpte han eit gardsbruk i Åfjord på Fosen der han levde livet ut.[1]

Sommer gav ut diktsamlinga Soga-visor om de norske Konungar og de største Hend i Norrig i den hedenske Tidi til Haaken Jarl sit Fall i 1857. Dette var ei av dei aller fyrste bøkene på landsmål gjevne ut etter Ivar Aasen. Han gav så ut historieboka Noregs Saga i Stuttmaal (1862), som Aasen skreiv føreord til, og ei byrjinga på Sverresoga på landsmpål (1864). Eirik Sommer spelte òg ei viktig rolle i det første mållaget i Trondheim.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hoel, Oddmund Løkensgard; Allkunne (11. mars 2021). «Eirik Sommer». Store norske leksikon (på norsk bokmål).