Egil Skallagrimsson
Egil Skallagrimsson | |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 910 Island |
Død | |
Yrke | oppdagar, berserk, skald, skribent |
Språk | islandsk, norrønt |
Far | Skallagrim Kveldulvsson |
Egil Skallagrimsson på Commons |
Egil Skallagrimson (norrønt Egill Skallagrímsson)[a] var ein høvding frå Island i vikingtida. Han var fødd på Island om lag år 910, og døydde om lag år 990. Han var son av Skallagrim Ulfsson (Skalla-Grímr Kveldulfsson) og Bera Yngvarsdottir. Skallagrim Ulfsson hadde i si tid reist frå det norske Vestlandet til Island.
Egil Skallagrimson var ein stor skald, og er rekna som den fremste av dei norrøne diktarane. I soga om Egil Skallagrimson (Egilssoga eller Egils saga) vert det fortalt at han kunne kveda dikt allereie då han var tre år. Truleg er Snorri Sturluson (1179-1241) opphavsmann til Egilssoga. Soga fortel at han gjorde sitt første drap då han var berre sju år gamal. Egil kunne og med trolldomskunstar.
I soga er Egil skildra som ein hard krigar, det òg fortalt om to høve då Egil gjekk holmgang; ein gong mot Atle den skamme på Gulating og ein annan gong mot Ljot den bleike på Sunnmøre. I årevis stod Egil i strid med kong Eirik Blodøks og dronning Gunnhild. Han kjempa både i det seinare Storbritannia, så vel som i andre land kring Nordsjøen.
Born med Asgerd (eller Asgjerd) Bjørnsdottir
[endre | endre wikiteksten]- Thorgerd Egilsdottir
- Bera Egilsdottir
- Bodvar Egilson
- Gunnar Egilson
- Thorstein Egilson
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Namnet er stava på ymse måtar, andre stavemåtar er mellom anna Egill Skallagrímsson», Eigill Skallagrimsson, Egill Skalla-Grímsson eller Egil Skallagrimsson.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1950)
- Höfundur Egill Skallagrímsson (Islandsk)
- Egils saga (Islandsk)
- Egil Skallagrímsson Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie (Finnur Jonsson 1920)
Kjende kvad av Egil Skallagrimsson:
- Hovudlausen Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine. dråpa til kong Eirik Blodøks.
- Sonatorrek Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine. (Sonetapet) - minnekvad over sonen Bodvar som drukna.
- Arinbjarnarkvida Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine. Eit kvad til minne om Egil sin ven Arinbjørn herse.
- Adalsteinsdråpa Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine. Dråpa om kong Adalstein (Athelstan) i England
- Berudråpa Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine.
- Skjaldardråpa Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine.
- Lausaviser Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine. (48 vers)
- Fragment Arkivert 2016-03-01 ved Wayback Machine.