[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Eday

Koordinatar: 59°10′59″N 2°46′59″W / 59.183°N 2.783°W / 59.183; -2.783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eday
Geografi
Eday is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°10′59″N 2°46′59″W / 59.183°N 2.783°W / 59.183; -2.783
Øygruppe Orknøyane

Areal 27,45 km²

Høgaste punkt Ward Hill (101 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Calfsound

Demografi
Folketal 121 (2001)
Folketettleik 4,4 /km²

Eday (norrønt Eiðey) er ei øy i Orknøyane i Skottland. Eday ligg i North Isles i Orknøyane om lag 25 km nord for hovudøya Mainland. Med eit areal på 27,45 kvadratkilometer er ho den niande største i øygruppa.

Eday frå Faray

Sentralt er Eday dekt av lyngheilandskap med røsslyng, torv og kalkstein. Utvinning av torv og kalkstein har vore ein av hovudnæringane på øya. Av attraksjonar på øya finn ein den ståande steinen Stone of Setter og gravkammera Vinquoy, Braeside og Huntersquoy. Eday er òg kjend for sjøfugl og for Carrick house, bygt i 1633, der sjørøvaren John Gow vart fanga.

Ein kan nå Eday både til sjøs og med fly frå Orkney Mainland. Det går ferjeruter til Backaland på Eday frå Kirkwall på Orkney Mainland.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]