Edvard VII av Storbritannia
Utsjånad
(Omdirigert frå Edward VII av Storbritannia)
Edvard VII av Storbritannia | |||
| |||
Regjeringstid | 1901-1910 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 9. november 1841 | ||
Fødestad | Buckingham Palace | ||
Død | 6. mai 1910 | ||
Dødsstad | Buckingham Palace | ||
Gravstad | St. George's Chapel | ||
Føregangar | Victoria I | ||
Etterfølgjar | Georg V | ||
Gift med | Alexandra av Storbritannia | ||
Dynasti | Fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha | ||
Far | Albert av Sachsen-Coburg-Gotha | ||
Mor | Victoria av Storbritannia | ||
Born | Albert Victor, hertug av Clarence og Avondale, Georg V av Storbritannia, Louise av Storbritannia, Prinsesse Victoria av Storbritannia, Maud av Noreg, Alexander John av Wales |
Edvard VII (9. november 1841–6. mai 1910) engelsk Edward VII (Albert Edward) var den fyrste britiske monarken av fyrstehuset Saxen-Coburg-Gotha. I tillegg til å vera konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, og britiske oversjøiske koloniar, var han og keisar av Britisk India. Han regjerte frå då mor hans, Victoria av Storbritannia, døydde den 22. januar 1901. Han var konge fram til han døydde den 6. mai 1910. Før han vart konge hadde han tittelen Prince of Wales (prins av Wales). Edvard er den som til no har vore kronprins i lengst tid i britisk og engelsk historie.
Edvard vart 3. oktober 1874 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.