Edward Russell, 1. jarl av Orford
Edward Russell, 1. jarl av Orford | |||
Admiral Edward Russell, 1. jarlen av Orford måla av Thomas Gibson kring 1715 | |||
Fødd | 1653 Penzance | ||
---|---|---|---|
Død | 26. november 1727 Southill | ||
Tittel | medlem av Englands parlament, Member of the 1689-90 Parliament, Member of the 1690-95 Parliament, Member of the 1695-98 Parliament, First Sea Lord, First Lord of the Admiralty, First Lord of the Admiralty, First Lord of the Admiralty | ||
Alle titlar | Earl of Orford | ||
Land | Kongeriket England | ||
Mor | Penelope Hill | ||
Far | Edward Russell | ||
Ektefelle | Lady Margaret Russell, Unknown |
Flåteadmiral Edward Russell, 1. jarlen av Orford, PC (1653–26. november 1727) var engelsk marineminister under kong Vilhelm III.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Han var barnebarnet til 4. jarl av Bedford og ein yngre bror av 5. jarl (seinare 1. hertug av Bedford).[1] Han gifta seg med syskenbarnet Lady Margaret Russell,[1] den yngste dottera til den 5. jarlen, men dei fekk ingen barn.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Berre 18 år gammal vart han løytnant i Royal Navy i 1671, og året etter vart han forfremma til kaptein.[1] I den tredje engelsk-nederlanske krigen var han i aktiv teneste i Nordsjøen i 1672 og 1673. Russell tente seinare i Middelhavet i operasjonar mot berbarpiratar med Sir John Narborough og Arthur Herbert frå 1676 til 1682.[1] I 1683 vart han oppsagt då alle medlemmer i Russel-familien fall i unåde hos kongen etter det vart oppdaga at Lord Russell var involvert i Rye House-plottet.
I 1688 var Russell ein av «the Immortal Seven», ei gruppe engelske adelsmenn som sende invitasjonen til Vilhelm, eit dokument som bad Vilhelm av Oranien om å avsetje kong Jakob II.[1] I den påfølgjande niårskrigen tente Russell til sjøs og var flåteadmiral etter 1690.[1] I 1692 vart Russell øvstkommanderande for den engelsk-nederlandske flåten som kjempa mot den franske flåten i Barfleur og øydela mykje av han i La Hougue, der sigeren vart det avgjerande sjøslaget i krigen.[1]
Russell vart marineminister i 1694,[1] noko han var fram til 1699. Han tente i Middelhavet frå 1694 til 1695 og vart Baron Shingay, Viscount Barfleur og Jarlen av Orford i 1697.[1] Desse titlane forsvann alle då den barnlause Orford døydde.
Etter ordre frå kong Vilhelm III var han den første engelske kommandanten til å overvintra i Cadiz. Dette førte til at engelskmennene ønskte ein engelsk middelhavsbase ved Gibraltar i 1704.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edward Russell, 1st Earl of Orford» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: