Eboli
Utsjånad
Eboli er ein by og ein kommune i provinsen Salerno i regionen Campania i Italia. Kommunen har 39 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 137,6 km². Byen ligg på sørsida av Sele-dalen, 145 meter over havet.
Eboli er kjend som eit senter for landbruk, i særleg grad for sin olivenolje og mjølkeprodukt. Ein mozzarella-ost laga av mjølk frå vassbøffel er vide kjend.
Ein stor innandørs-arena, PalaSele, med plass til 8 000 tilskodarar er bygd i Eboli.
I fylgje ei lokale seiandesegn stoppa Jesus i Eboli. Den italienske forfattaren Carlo Levi nytta uttrykket «Jesus stoppa i Eboli» på ein roman der han skreiv om den vedvarande armoda i det aller sørlegaste Italia i byrjinga av det 20. hundreåret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eboli (Kampanien)» frå Wikipedia på tysk, den 18. juni 2015.