[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Enns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enns
elv
Ennstal mellom Stainach og Liezen
Land  Austerrike
Nedslagsfelt 6 000 km²
Sideelvar Palten, Salza og Steyr
Lengd 254 km
Middelvassføring 201 /s
Kjelde Radstädter Tauern
Munning Donau ved Mauthausen
Kart
Enns
48°14′13″N 14°31′13″E / 48.2369°N 14.5203°E / 48.2369; 14.5203
Wikimedia Commons: Enns River

Enns er ei elv i Austerrike og ei av dei sørlege sideelvene til Donau med ei lengd på 254 km.

Enns har sitt utspring i fjella Radstädter Tauern i delstaten Salzburg. I ein dal som vart danna under den siste istida, renn ho austover på grensa mellom Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sentralaustlege Alpane gjennom Steiermark der ho passerer Dachsteingruppa i sør. Mellom Admont og Hieflau snur elva nordover og passerer gjennom Gesäuse, eit gjel med ei lengd på 15 km i Ennstaleralpane. Ho renn så inn i Øvre Austerrike ved munningen av Laußabach. Nord for Steyr dannar ho grensa mellom Øvre Austerrike og Nedre Austerrike. Til slutt renn ho ut i Donau ved Mauthausen og landsbyen Enns.

Enns får vatn frå eit område på om lag 6 000 km², som er det femte største nedslagsfeltet i Austerrike. Middelvassføringa ved munningen er 201 m³ per sekund.

På midten av 1800-talet vart det bygd kanalar langs det 70 km lange strekket mellom Weißenbach og Gesäuse for å bruke vatnet til jord- og skogbruk.

Totalt er det ti kraftverk knytte til elva, og dei genererer totalt 345 megawatt straum.

Byar og landsbyar langs elva

[endre | endre wikiteksten]

i Salzburg

[endre | endre wikiteksten]

i Steiermark

[endre | endre wikiteksten]

i Øvre Austerrike

[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste sideelvene er Palten, Salza og Steyr.