[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Dream On av Aerosmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dream On
Singel av Aerosmith
frå albumet Aerosmith
B-side

Somebody

Utgjeve 27. juni 1973[1]
Innspelt October 1972[2]
Studio Intermedia i Boston
Sjanger
Lengd
    • 3:25 (singel)
    • 4:28 (album)
Selskap Columbia
Tekstforfattar Steven Tyler
Låtskrivar(ar) Steven Tyler
Produsent Adrian Barber[1]
Aerosmith-kronologi 
Dream On «Same Old Song and Dance»
(1974)


«Dream On» er ein powerballade[3] av Aerosmith frå debutalbumet deira, Aerosmith, frå 1973.[4] Han var skriven av frontmannen Steven Tyler og vart den første store hitten deira og ein vart ein klassisk rock-radiolåt. Songen kom ut i juni 1973 og nådde 59. plassen på Billboard Hot 100[5] men slo stort til i heimbyen Boston, der han vart kåra til årets singel av radiokanelen WBZ-FM, den femte beste for året på WRKO og nummer 16 på WMEX (AM). Songen fekk òg umiddelbar mykje radiospeling på den tidlegare WVBF (FM), og dukka ofte opp på førsteplass på «The Top Five at Five» i juni 1973.

Albumversjonen av «Dream On» (4:28, i motsetning til 3:25 på singelutgåva der det meste av introen er redigert ut og det første refrenget er erstatta med det andre refrenget) vart gjeve ut på ny i slutten av 1975, og debuterte då på 81. plassen på Billboard Hot 100-lista den 10. januar 1976, men kom seg inn på topp 40 den 14. februar og klatra heilt til sjetteplassen den 10. april. Columbia Records valde å betena topp 40-radiostasjonar med både lange og korte versjonar av songen, og dermed vart mange popradiolyttarar i 1976 eksponert for den første topp 10-hitten til gruppa gjennom 45-utgåva.

I 2004 rangerte magasinet Rolling Stone songen som nummer 172 på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Han vart flytta til nummer 173 i 2010,[7] og på nytt rangert som nummer 199 i 2021.[8] I 2007 spelte Aerosmith inn ei nyinnspeling av songen, blant nokre av sine andre songar, til spelet Guitar Hero: Aerosmith då masterlydbandet mangla under utviklinga av spelet.[9] I 2018 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame[10].

I eit intervju i 2011 mimra Tyler om far sin, ein Juilliard-utdanna musikar. Han hugsa at han som treåring låg under pianoet til faren og høyrde han spela klassisk musikk. «Det var der eg fekk dei 'Dream On'-akkordane», sa han. Teksten vart fullført då Steven var 14 år gammal.[11] Songen er òg kjend for det oppbyggjande klimakset sitt som syner fram varemerke-skriket til Tyler.

I dei autoriserte bandmemoarane Walk This Way av Stephen Davis snakkar Tyler utførleg om opphavet til songen:[12]

Musikken til «Dream On» vart opphavleg skriven på eit Steinway-flygel i stova i Trow-Rico Lodge i Sunapee, kanskje fire år før Aerosmith starta. Eg var sytten eller atten. ... Det var berre ei lita greie eg spelte, og eg hadde aldri døymt om at det skulle ende opp som ein ordentleg song eller noko. ... Han handlar om å drøyme til drøymane dine blir oppfylte.

Cash Box sa at «den harde overflata er der, men den klagande vokalen til Tyler og ein del økonomisk muskuløs riffing gjer 'Dream On' til ein tenkjar så vel som ein bevegar.»[13] Record World kalla han ei «skjønnheit som har ei merkeleg melodisk linje og stramt hardrock-akkompagnement».[14]

Konsertopptak

[endre | endre wikiteksten]
Dream On (Live)
Singel av Aerosmith
frå albumet Last Action Hero: Music from the Original Motion Picture
Utgjeve 8. juni 1993
Innspelt 6. juni 1991
Spelestad MTV 10th Anniversary Special
Sjanger Symfonisk rock
Lengd 5:42
Selskap Columbia Records
Tekstforfattar Steven Tyler
Låtskrivar(ar) Steven Tyler

Låten har lenge vore ein fast del av konsertane deira, og pianopartiet vert framført av Tyler. Bandet har òg spelt «Dream On» med orkester ved enkelte høve. Ei av desse framføringane, dirigert av Michael Kamen, vart framført live for 10-årsjubileet til MTV[15] (i 1991) og inkludert på soundtracket til filmen Last Action Hero.

Den 19. september 2006 dedikerte Aerosmith songen til den tilfangetatte israelske soldaten Ehud Goldwasser. Den 22. september 2007, på ein konsert i Atlantic City i New Jersey, tileigna Aerosmith songen til ein av tilhengjarane sine, Monica Massaro, som hadde vorte myrda tidlegare same år. Den 25. mai 2011 framførte Tyler ein kort versjon av songen live under finalen i den tiande songen American Idol.[16].

I 2006 framførte Tyler og Joe Perry songen live saman med Boston Pops Orchestra på deira 4. juli-konsert.[17] I august 2010 framførte Tyler mykje av songen på eit flygel på toppen av Green Monster på ein Aerosmith-konsert i Fenway Park i Boston, saman med resten av bandet for å avslutta songen.[18] Etter Boston Marathon-bombinga framførte Tyler songen på Boston Strong-konserten i slutten av mai 2013.[19][20]

I høve innlemminga av rapperen Eminem i Rock and Roll Hall of Fame i 2022, framførte Tyler introduksjonslinja og refrenget til «Dream On», saman med Eminem då han fremførte sin 2002-hit «Sing for the Moment», som brukte refrenget i førstnemnte som refreng.[21]

Andre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

Songen har dukka opp på nesten alle samle- og konsertplatene til Aerosmith, inkludert:

Han er òg med i begge boksane til bandet.

  • I 2002 vart songen sampela av den amerikanske rapparen Eminem til songen «Sing for the Moment», frå 2002-albumet hans The Eminem Show. Joe Perry spelte gitarsolo på låten og i refrenget syng Steven Tyler, medan Eminem legg til «sing», «sing with me» og «come on» i refrenget i tillegg.
  • I 2011 vart songen sampla av Immortal Technique på låten hans «Angels & Demons», på albumet hans The Martyr.
  • I ein Kia Stinger-reklame som gjekk under Super Bowl 2018, ser Steven Tyler ut til å køyra bilen med same namn i høg fart i revers medan snuttar av «Dream On» blir spelt på ein sampla måte.
  • I 2022 opplevde «Dream On» ei oppblomstring i popularitet på sosiale medium etter at han vart brukt i ein meme der Kratos, hovudpersonen i videospelserien God of War, fell ned frå Olympos medan refrenget til songen blir spelt. Songen oppnådde deretter 720 millionar avspelingarSpotify.[22]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1973) Plassering
Canada RPM Top 100 87
US Billboard Hot 100[23] 59
1976 weekly chart performance for «Dream On»
Liste (1976) Plassering
Canada RPM Top 100 10
US Billboard Hot 100 6
Nederland (Singel Tip)[24] 17
Liste (1994) Peak
position
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[25] 12
Nederland (Mega Single Top 100)[26] 14
Liste (2022) Plassering
Czech Republic (Singles Digitál Top 100)[27] 39
Frankrike (SNEP)[28] 200
Global 200 (Billboard)[29] 110
Ungarn (Singel Topp 40)[30] 30
Litauen (AGATA)[31] 75
Slovakia (Singels Digitál Top 100)[32] 47
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[33] 5

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1976) Plassering
Canada RPM Top 100[34] 107
US Billboard Hot 100[35] 51
Liste (1994) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[36] 97

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[37] Platina 50 000*
Storbritannia (BPI)[38] Gull 400 000^
USA (RIAA)[39] 4× Platina 8 000 000^
Strøyming
Hellas (IFPI Hellas)[40] Gull 10 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. 1,0 1,1 Greatest Hits (CD liner). Aerosmith. U.S.: Columbia Records. 1993 [1980]. CK 57367. 
  2. Pandora's Box (CD liner). Aerosmith. U.S.: Columbia Records. 2002 [1991]. C3K 86567. 
  3. «Top 10 Power Ballads That Don't Suck». Loudwire. 
  4. «Aerosmith | Music Videos, News, Photos, Tour Dates, Ringtones, and Lyrics | MTV». MTV. Arkivert frå originalen 29. juni 2012. Henta 5. april 2017. 
  5. «Aerosmith Chart History: Billboard Hot 100: «Dream On» (topplassering)» (PDF). Billboard 85: 56. 1. desember 1973. ISSN 0006-2510. Henta 5. mai 2023 – via American Radio History. 
  6. «The 500 Greatest Songs of All Time 2004: 101-200». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. juni 2008. Henta 3. oktober 2021. 
  7. «Dream on ranked #173 by Rolling Stone in 2010». Rolling Stone. 11. desember 2003. Henta 3. oktober 2021. 
  8. «Dream On ranked #199 on Rolling Stone 500 Greatest Songs List». Rolling Stone. 15. september 2021. Henta 3. oktober 2021. 
  9. «Guitar Hero: Aerosmith First Look - Xbox 360 Previews at GameSpot». 29. juni 2009. Arkivert frå originalen 29. juni 2009. Henta 4. oktober 2022. 
  10. «Grammy Hall of Fame». Grammy. Henta 29. april 2023. 
  11. Hiatt, Brian (12. mai 2011). «The Emancipation of Steven Tyler». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. februar 2013. Henta 9. april 2022. 
  12. Davis, Stephen (1997). Walk This Way: The Autobiography of Aerosmith (på engelsk). HarperCollins. s. 171–173. ISBN 978-0-380-97594-5. 
  13. «CashBox Singles Reviews» (PDF). Cash Box. 27. desember 1975. s. 120. Henta 4. mai 2023. 
  14. «Single Picks» (PDF). Record World: 14. 15. september 1973. Henta 4. mai 2023. 
  15. «Dream On (MTV 10th Anniversary) - Aerosmith» – via YouTube. 
  16. «Steven Tyler - Dream On - American Idol Season 10 Finale Results Show - 05/25/11» – via YouTube. 
  17. «Aerosmith & The Boston Pops Orchestra - Dream On (Live 2006)» – via YouTube. 
  18. «Aerosmith Dream On Fenway Park 8-14-2010 HD» – via YouTube. 
  19. «Boston Marathon-konsert med musikkikonene Aerosmith, James Taylor og NKOTB til inntekt for One Fund». WCVB. 30. mai 2013. Henta 10. mars 2014. 
  20. «Aerosmith - Dream On (with Southern California Children's Chorus) - Boston Marathon Bombing Tribute» – via YouTube. 
  21. Scarlettpublished, Liz (7. november 2022). «Watch Aerosmith's Steven Tyler perform with Eminem at the Rock And Roll Hall Of Fame ceremony». loudersound (på engelsk). Henta 13. november 2022. 
  22. Wass, Mike (15. desember 2022). «Aerosmith's 'Dream On,' Lady Gaga's 'Bloody Mary,' Sia's 'Unstoppable' Among the Viral Revivals of 2022». Variety. Henta 11. januar 2023. 
  23. «Aerosmith Chart History: Billboard Hot 100: «Dream On» (peak position)» (PDF). Billboard 85: 56. 1. desember 1973. ISSN 0006-2510. Henta 5. mai 2023 – via American Radio History. 
  24. «Dutch Single Tip 13/03/1976». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 5. mai 2023. 
  25. "Nederlandse Top 40 – week 9, 1994" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  26. "Dutchcharts.nl – Aerosmith – Dream On" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  27. "ČNS IFPI" (in Czech). Hitparáda – Digital Top 100 Oficiální. IFPI Czech Republic. Note: insert 202246 into search.
  28. "Lescharts.com – Aerosmith – Dream On" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  29. "Aerosmith Salslistehistorie (Global 200)". Billboard. Henta 5. mai 2023.
  30. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ" (på ungarsk). Singel Topp 40. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége. Henta 5. mai 2023.
  31. «2022 46-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 5. mai 2023. Henta 5. mai 2023. 
  32. «ČNS IFPI». IFPI ČR. Note: Select SK SINGLES DIGITAL TOP 100 and insert 202246 into search. Henta 5. mai 2023. 
  33. «Veckolista Heatseeker, vecka 46». Sverigetopplistan. Henta 5. mai 2023. 
  34. «Top 200 Singles of '76». Arkivert frå originalen 10. juni 2016. Henta 25. oktober 2016. 
  35. «Billboard Hot 100 - 1976». Arkivert frå originalen 21. mai 2011. Henta 9. februar 2010. 
  36. «Top 100-Jaaroverzicht van 1994». Nederlandsk Topp 40. Henta 6. april 2020. 
  37. «Italian single salstrofé – Aerosmith – Dream On» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Aerosmith in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  38. «British single salstrofé – Aerosmith – Dream On». British Phonographic Industry.  Enter Dream On in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  39. «American single salstrofé – Aerosmith – Dream On». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  40. «Greek single salstrofé – Aerosmith – Dream On» (på gresk). IFPI Greece.