[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Djatkovo

Koordinatar: 53°36′N 34°20′E / 53.600°N 34.333°E / 53.600; 34.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Djatkovo
Дятьково
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Djatkovo is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Brjansk oblast
Først nemnd i
Bystatus
1626
1938
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

32 863
Koordinatar 53°36′N 34°20′E / 53.600°N 34.333°E / 53.600; 34.333
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 = 48333
Nettstad: www.bryansk.ru/btpp/dyatkovo/

Djatkovo (russisk Дя́тьково) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bolva, ei sideelv til Desna, rundt 40 km nordvest for Brjansk.

Djatkovo

Busetnaden vart oppretta i 1626. Han fekk bystatus i 1927.

Brjansk oblast var eit senter for partisanrørsla under den andre verdskrigen. I februar 1942 klarte sovjetiske partisanar å vinne attende kontrollen i Djatkovo og nærliggande landsbyar. Området låg langt inne i nazi-okkupert område. Partisanane gjenoppretta sovjetisk styre og dreiv eit sjukehus og diverse butikkar. Området vart gjenerobra av tyske styrkar i juni 1942.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Djatkovo er mest kjend for glasverket sitt og for Djatkovo krystallmuseum (eit museum for glaskunst), som er det største i landet i sitt slag. Byen har òg ein større møbelfabrikk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]