[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Diskusjon:Integral

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flott artikkel! Godt arbeid. Eg skulle gjerne hatt nokre synspunkt på terminologien. Er han standardisert for nynorsk? Eg er ikkje so glad i anbeheitelsar og brukar vel ikkje stort fleire be-ord enn betala. Eg har prøvd å koma utanom omgrepet "(u)bestemt integral", men har ikkje heilt lukkast. Alternativa mine var "(u)avgrensa integral" og "(u)bunde integral". Ettersom ein snakkar om integrasjonsgrenser synst eg avgrensa integral verka mest fornuftig. (Slikt samsvar har ein ikkje i bokmål eller engelsk.) Samstundes synst eg det er fint p bruka ordet ubunde om ubunden integrand og ubundne integrasjonsgrenser (engelsk: unbounded). Det skjer i øyrene/augene å høyra/lesa "ubegrensede grenser". Til slutt: Det du kallar uekte integral har eg lært at heiter ueigentleg integral. Det siste ser ut til (google) å ha noko større utbreiing. Synspunkt? --Sigbjørn 19:01, 14 mai 2007 (CEST)

Kjør på! :-) Eg er ikkje så veldig inne i terminologien på norsk sidan dei lerebøkene eg har hatt gjennom åra på dette er engelske, og har nok tatt ein råsjans her og der. Så berre endre der du føler for det. --Frokor 19:05, 14 mai 2007 (CEST)
Hmm. Takk for det. Men eg trur eg vil ha eit godkjenningsstempel frå nokon som er inne i terminologien:-) Eg får koma attende til det.--Sigbjørn 19:32, 14 mai 2007 (CEST)
Nidaros-lista nyttar avgrensa/uavgrensa. Njardarlogar 3. november 2011 kl. 00:37 (CET)[svar]