[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Die Mensch-Maschine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Man-Machine
Studioalbum av Kraftwerk
Språk tysk
Utgjeve 19. mai 1978
Innspelt 1977–1978
Studio Kling Klang (Düsseldorf i Vest-Tyskland)
Sjanger Elektronisk, synth-pop
Lengd 36:10
Selskap Kling Klang, EMI Electrola
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
Trans-Europe Express
(1977)
The Man-Machine Computer World
(1981)


Singlar frå The Man-Machine
  1. «Die Roboter»
    Utgjeve: Mai 1978 (Tyskland)
  2. «Das Model»
    Utgjeve: September 1978 (Tyskland)
  3. «Neon Lights»
    Utgjeve: December 1978
  4. «The Robots»
    Utgjeve: 1978 (Storbritannia)
  5. «The Model»
    Utgjeve: November 1981 (Storbritannia)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB+[2]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[3]
The Guardian4/4 stars[4]
The Irish Times4/5 stars[5]
Mojo5/5 stars[6]
Q4/5 stars[7]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[8]
Select5/5[9]
Uncut4/5 stars[10]

The Man-Machine (tysk utgåve Die Mensch-Maschine) er det sjuande studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk. Det kom ut 19. mai 1978 på Kling Klang i Tyskland og Capitol Records andre stader. Albumet var ei vidareutvikling av den mekaniske stilen deira, der dei innlemma meir dansbare rytmar og mindre minimalistiske arrangement. Det inneheld singlane «The Model» og «The Robots».

Sjølv om albumet i starten ikkje gjorde det så godt på den britiske albumlista, men nådde niandeplassen på albumlista i februar 1982[11] og vart dermed det nest mest suksessrike albumet deira i Storbritannia etter Autobahn (1974).[12]

Bakgrunn og innspeling

[endre | endre wikiteksten]

The Man-Machine er det første Kraftwerk-albumet der Karl Bartos er oppført som komponist i lag med Ralf Hütter og Florian Schneider. Emil Schult var med å skrive teksten til «The Model». AllMusic skildra albumet som «nærare stilen som kom til å definere tidleg new wave electro-pop», og sa at det hadde «kjensla av eit delt konseptalbum», der somme songar (som tittelsporet og «The Robots») utforska «science fiction-aktige lenkjer mellom menneske og teknologi», og andre (som «Neon Lights» og «Metropolis») fokuserer på «glamouren ved urbanisering[1] Uncut kalla «The Model» ein «ironisk popsatire», og skreiv at «den enkle teksten eignar seg til vesentleg tolking.»[10]

Den første tyske utgåva vart trykt på raud vinyl. The Man-Machine selte til gullplate i Storbritannia i 1982 for 100 000 selte eksemplar.[13] I oktober 2009 kom ei ommastra utgåve av albumet på CD og digitalt format på Mute Records i Europa og Astralwerks i USA,[14][15] medan ei utgåve på tung vinyl kom ut i november 2009.[16]

Plateomslaget vart produsert av Karl Klefisch, basert på eit verk av den russiske suprematisten El Lissitzkij - orda «Inspirert av El Lissitzky» står på omslaget. Baksida av omslaget er ei utgåve av ein grafikk frå barneboka til Lissitzkij kalla About Two Squares: A Suprematist Tale of Two Squares in Six Constructions.[17][18]

NME skreiv om albumet i 1978: «The Man-Machine står som ein milepåle i 70-tals rockemusikk. Dei enkle tekstane gjer at all vekta vert lagt på desse robotrytmane, dei kjølege tonane og utsøkte melodiane.»[19] Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa: «Berre ein surpomp kunne finne på å avvise ei gruppe som syntetiserer nyskapingane til Environments og David Seville & the Chipmunks, for ikkje å gløyme at det er betre klinemusikk.»[20] AllMusic skreiv at albumet er «mindre minimalistiske arrangement og meir komplekse og dansbare rytmar» enn dei tidlegare albuma til gruppa, og skreiv at det hadde ein «enorm innverknad» på påfølgjande synth-pop-artistar.[1]

Alle songar er skrivne av Ralf Hütter, Florian Schneider og Karl Bartos, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Robots» (Die Roboter) 6:11
2.«Spacelab»Ralf Hütter, Karl Bartos5:51
3.«Metropolis» 5:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«The Model»Ralf Hütter, Karl Bartos, Emil Schult3:38
5.«Neon Lights» (Neonlicht) 9:03
6.«The Man Machine» (Die Mensch-Maschine) 5:28

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

[21]

Andre medverkande

  • Günther Fröhling – fotografi
  • Leanard Jackson – lydteknikar
  • Karl Klefisch – kunst
  • Joschko Rudas – lydteknikar
  • Henning Schmitz – assisterande lydteknikar
  • Johann Zambryski – rekonstruksjon av omslaget (2009-utgåva)

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1978) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[22] 56
Austerrikske album (Ö3 Austria)[23] 15
Nederlandske album (MegaCharts)[24] 29
Den franske albumlista (SNEP)[25] 14
Tyske album (Offizielle Top 100)[26] 12
Svenske album (Sverigetopplistan)[27] 24
US Billboard 200[28] 130
Liste (1982) Plassering
Britiske album (OCC)[11] 9
Liste (2011) Plassering
Italienske album (FIMI)[29] 94

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1978) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[30] 26

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[13] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. 1,0 1,1 1,2 Huey, Steve. «The Man-Machine – Kraftwerk». AllMusic. Henta 8. juli 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: K». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 8. juli 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  4. Sweeting, Adam (14. april 1995). «CDs of the week: Kraftwerk reissues». The Guardian (London). ISSN 0261-3077. 
  5. Clayton-Lea, Tony (30. oktober 2009). «Kraftwerk: Autobahn (1974), Radio-Activity (1975), Trans Europe Express (1977), The Man-Machine (1978) (Mute/EMI)». The Irish Times (Dublin). Henta 8. juli 2020. 
  6. Snow, Mat (November 2009). «Gut Vibrations». Mojo (London) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  7. «Kraftwerk: The Man-Machine». Q (London): 116. 2009. ISSN 0955-4955. «As evidenced by the mesmeric groove of 'Spacelab,' their influence on the more electronic end of disco was feeding back into their own art ...» 
  8. Coleman, Mark; Randall, Mac (2004). «Kraftwerk». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 468–69. ISBN 0-7432-0169-8. 
  9. Harrison, Andrew (June 1995). «Kraftwerk: Radio Activity / Man Machine / Computer World / The Mix». Select (London) (60). ISSN 0959-8367. 
  10. 10,0 10,1 Cavanagh, David (16. oktober 2009). «Uncut Reviews: Kraftwerk – Reissues». Uncut (London). ISSN 1368-0722. Arkivert frå originalen 2. mai 2014. Henta 8. juli 2020. 
  11. 11,0 11,1 "19820214 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 22. januar 2017.
  12. «Kraftwerk» (select «Albums» tab). Official Charts Company. Henta 8. juli 2020. 
  13. 13,0 13,1 «British album salstrofé – Kraftwerk – The Man-Machine». British Phonographic Industry. 15. februar 1982.  Enter The Man-Machine in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  14. «The Man Machine (Original recording remastered): Kraftwerk». Amazon (Storbritannia). Henta 8. juli 2020. 
  15. «The Man Machine (Remastered) by Kraftwerk». iTunes Store (Storbritannia). Arkivert frå originalen 22. september 2015. Henta 8. juli 2020. 
  16. «The Man Machine [VINYL] (Limited Edition, Original recording remastered): Kraftwerk». Amazon (Storbritannia). Henta 8. juli 2020. 
  17. «And Red organizes a settlement on the black square». Henta 22. mai 2011. 
  18. «El Lissitzky. Suprematic tale about two squares». Ukrainian Art Library. 
  19. Gill, Andy (29. april 1978). «Mind Machine Music». NME. ISSN 0028-6362. 
  20. Christgau, Robert (4. september 1978). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). ISSN 0042-6180. Henta 29. april 2013 – via RobertChristgau.com. 
  21. (2009) Plateomslagstekst for {{{title}}} av Kraftwerk [CD]. Great Britain: Mute Records (CDSTUMM306).
  22. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 170. ISBN 0-646-11917-6. 
  23. "Kraftwerk - Die Mensch-Maschine" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 8. juli 2020.
  24. "Kraftwerk – The Man·Machine". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 8. juli 2020.
  25. «Le Détail des Albums de chaque Artiste». InfoDisc (på fransk). Henta 8. juli 2020.  Select «Kraftwerk» from the drop-down menu and click «OK».
  26. "Offiziellecharts.de – Kraftwerk – Die Mensch-Maschine" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 8. juli 2020.
  27. "Kraftwerk – The Man·Machine". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2020.
  28. "Kraftwerk Album & Song Chart History" Billboard 200 for Kraftwerk. Prometheus Global Media. Henta 22. januar 2017.
  29. "Kraftwerk – Die Mensch-Maschine". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 22. januar 2017.
  30. «Top 100 Album-Jahrescharts – 1978» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 8. juli 2020.