Daim
Daim (tidlegare Dajm) er ein sjokolade med kombinasjon av sprø mandelkrokan og mjukt mjølkesjokoladetrekk. Sjokoladen er mest populær i Skandinavia, men vert òg seld i blant anna Frankrike, Tyskland og Storbritannia.
Sjokoladen vart lansert i Sverige og Noreg i 1953, i Finland rundt 1963 og i Danmark i 1971.
Tidlegare heitte sjokoladen Dajm, men han bytta namn i Norden i 1990 for å få same namn i alle land. I Storbritannia heitte sjokoladen tidlegare Dime, men Kraft Foods byta i 2005 namnet til Daim.[1]
Daim vert produsert på ein fabrikk i Upplands Väsby, nord for Stockholm.
I 2007 vart det lansert ein Limited Edition Daim med cappuccino-smak, medan det i 2008 kom ein type med skogsbærsmak.
I 2018 vart det lansert eit avgrensa opplag Daim med mintsmak.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ confectionerynews.com, «UK Dime chocolate to become Daim, in line with Europe», confectionerynews.com (på engelsk), henta 1. desember 2021
- Denne artikkelen bygger på «Daim» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2021.