Dozmary Pool
Dozmary Pool | |||
innsjø | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 268 moh. | ||
Areal | 0,149 km² | ||
Kystlengd1 | 1,5 km | ||
Koordinatar | 50°32′32″N 4°33′01″W / 50.54231°N 4.55022°W | ||
Øyar | ingen | ||
Dozmary Pool 50°32′32″N 4°33′01″W / 50.5423°N 4.5502°W | |||
Wikimedia Commons: Dozmary Pool, Cornwall | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Dozmary Pool er ein liten innsjø på Bodmin Moor i Cornwall i Storbritannia, 16,9 km frå havet.[1] Han ligg om lag 15 km nordaust for Bodmin og 2 km sør for Bolventor. Innsjøen har oppstått etter den siste istida. Utsiget frå innsjøen renn til Colliford Lake. Tidlegare var namnet ofte skrive 'Dozmaré'.
Segner
[endre | endre wikiteksten]Innsjøen vart ein gong hevda å vere heimstaden til Lady of the Lake. I følgje segna var det her kong Arthur rodde ut til Lady of the Lake og fekk sverdet Excalibur. Innsjøen er òg staden der Bedivere gav attende Excalibur då Arthur låg på dødsleiet etter slaget ved Camlann. Ei anna seg knyter Dozmary Pool til Jan Tregeagle. Tregeagle gjer ein pakt med Djevelen for å få pengar og makt. Mot slutten av livet sitt vert han dømd til eit liv i den botnlause Dozmary Pool, der han framleis vert pint. Han fekk i oppgåve å tømme vatn frå Dozmary Pool i eit albogeskjel, men valde å rømme til Roche Rock der han måtte lage tau av sanden i Gwenor Cove.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dozmary Pool» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Data sheet:Dozmary Pool». Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 28. mars 2010.