[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Gulirisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulirisk
Gulirisk Foto: Luis García
Gulirisk
Foto: Luis García

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigOmtrentleg geografisk utbreiing av arten gulirisk.[1] ██ Berre hekking ██ Lever her året rundt ██ Overvintring
Omtrentleg geografisk utbreiing av arten gulirisk.[1]

██ Berre hekking ██ Lever her året rundt ██ Overvintring

Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Serinus
Art: Gulirisk S. serinus
Vitskapleg namn
Serinus serinus

Gulirisk (Serinus serinus) er den minste og den europeiske arten i slekta Serinus i finkefamilien. Han er nært nærskyldt kanariirisk.

Gulirisken er liten fink med relativt stort hovud og butt nebb, 11-12 centimeter i kroppslengd, og veg 8,5 til 14 gram. Fjørdrakta har mørke striper på grågrøn overside, og einsfarga lysgul overgump. Det gule brystet og kvite buken er òg sterkt streka. Hannar har eit lysare gult andlet og bryst, gule vengeband og gult på sidene av halsene. Hoer har svakare gulfarge. Kontaktlætet er ei summande lys og klår trille, songen ein intens straum av kvasse tonar.[2]

Leveområdet er i Europa sør for Skandinavia og sør for Storbritannia, men inkludert Baltikum i nordaust, Nordvest-Afrika i sørvest, Anatolia og kystområda frå Egypt til Tyrkia i søraust. Sørlege og vestlege populasjonar er i stor grad standfuglar, nord og nordaust vil dei trekke sør om vinteren.[3] Gulirisk er ein sjeldan streiffugl i Noreg, med typisk færre enn fem godkjente observasjonar per år, dei fleste i Akershus og Vest-Agder.[4] Føretrekte hekkehabitat er ei blanding av opne område og skog av nåletre. Føda er hovudsakleg frø, med tillegg av planteskot, blomar og noko insekt.

Denne vesle fuglen verkar aktiv og rastlaus, er iaugefallande, men òg ein noko sky fugl. Utanom hekketida kan dei danne flokkar, deltar også i fleirartsflokkar saman med til dømes steinsporv og middelhavssporv.[3]

Populasjonen er estimert til mellom 45 og 75 millionar individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[5]

Referansar
  1. Beaman/Madge, Handbuch der Vogelbestimmung. Ulmer 1998; side 770
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. 3,0 3,1 Clement, P. (2018) European Serin (Serinus serinus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. august 2018
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 26. august 2018. 
  5. BirdLife International (2018) Species factsheet: Serinus serinus Arkivert 2015-05-01 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. august 2018

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gulirisk