[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Gujarat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gujarat
delstat
Symbol
Forkorting: IN-GJ
Land  India
Hovudstad Gandhinagar
Største by Ahmedabad
Areal 196 024 km²
Folketal 60 383 628 (2011)
Grunnlagd 1. mai 1960
Språk gujarati, hindi
Kart
Gujarat
23°13′12″N 72°39′18″E / 23.22°N 72.655°E / 23.22; 72.655
Kart som viser Gujarat.
Kart som viser Gujarat.
Kart som viser Gujarat.
Wikimedia Commons: Gujarat

Gujarat er den vestlegaste delstaten i India. Han har kyst mot Arabiahavet i vest og sørvest, og grensar til Sindh i Pakistan i nord. I aust og sør grensar han til dei indiske delstatane Rajasthan, Madhya Pradesh og Maharashtra og til unionsterritoriet Dadra og Nagar Haveli.

Kart over Gujarat.

Dei største byane i Gujarat er Ahmedabad, Vadodara (Baroda), Surat, Rajkot og Jamnagar. Ahmedabad er den sjette største byen i India. Han er den økonomisk viktigaste byen i Gujarat. Dei viktigaste byane i sentrale Gujarat er Nadiad, Anand og Ankleshwar; i sør Bharuch, Navsari, Vapi og Valsad, og i Saurastra i vest Bhuj og Dwarka.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gujarat
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.