Gudmund Grytøyr
Gudmund Grytøyr | |||
Fødd | 15. juli 1920 | ||
---|---|---|---|
Død | 21. juli 2001 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Gudmund Grytøyr (15. juli 1920–21. juli 2001) var ein norsk bonde og Arbeidarparti-politikar, fødd i Sør-Varanger og busett i Leinesfjord.
Grytøyr var son til ein ferjeskipper og postopnar. Sjølv arbeidde han som sjømann frå 1937 til -42, 1945-46 som kontorist i Sør-Varanger kommune, 1947-48 industriarbeidar ved NEBB i Oslo og 1949-50 som kombinert skogs- og landarbeidar. I 1951 skaffa han seg ein gard i Leinesfjord i dåverande Leiranger kommune, der han budde resten av livet. Han var formann i fylkeslandbruksstyret i Nordland åra 1960-68 og 1974-80.
Grytøyr var medlem av kommunestyret i Leiranger frå 1955 til kommunen vart slått saman med Steigen i 1964, vidare medlem av kommunestyret til 1971, og i perioden 1975-79. Som andre vararepresentant på Stortinget for Nordland fylke og Arbeidarpartiet valbolken 1973–77 møtte han fleire gongar på tinget. Perioden 1977-81 hadde han fast sete på Stortinget, medlem av Sjøfarts- og fiskerikomitéen.