Gudenå
56°10′32.725″N 9°36′56.822″E / 56.17575694°N 9.61578389°E
Gudenå | |||
elv | |||
Gudenå nær Smingesjøen
| |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Lengd | 160 km | ||
Middelvassføring | 36,6 m³/s | ||
Kjelde | Tinnet Krat | ||
• høgd | 65 moh. | ||
Munning | Randers fjord | ||
Gudenå 56°29′00″N 10°13′00″E / 56.483333333333°N 10.216666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Gudenå |
Gudenå, òg kalla Gudenåen, er ei elv på Jylland, og den lengste elva i Danmark. Ho renn 160 km frå Tinnet Krat i ei høgd av 65 meter over havet, mellom Nørre Snede og Tørring-Uldum, og munnar ut i Randers fjord. Ho renn gjennom dei tidlegare fylka Vejle, Århus og Viborg, som no er vorte Region Midtjylland og Region Syddanmark. Elva renn òg mellom anna gjennom vatna og innsjøane Sminge Sø, Silkeborg Langsø, Brassø, Borre Sø, Julsø, Biksø, Rye Mølle Sø, Gudensø, Mossø, Vestblik Sø og Naldal Sø.
Danmarks største vasskraftverk, Gudenaacentralen, ligg i elveløpet der fallet er størst på heile elvestrekninga, 10,50 meter, nedanfor Tange sø. Dette er ein kunstig innsjø bygd som magasin for kraftverket, og er den største kunstige innsjøen i Danmark.
Kraftverket vart sett i drift i 1921. Det tok knekken på fleire av dei viktigaste gyteplassane for laks i Gudenåen, og sperra dessutan for vandringane opp til gyteplassane høgare opp i vassdraget. Tidlegare hadde vassdraget vore ei god lakseelv.
Gudenå vart danna for 15 000 år sidan under den siste istid, då is og brestraumar grov ut elveleiet hennar. Ho inneheld mange dyreartar og er ein viktig del av dansk kultur. Mange funn frå forhistorisk tid er gjort langsetter elveløpet.