[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Gud Sonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gud kviler etter skapinga – Jesus avbilda som skaparen av verda i ein bysantinsk mosaikk i Monreale på Sicilia.

Guds son, Gud Sonen eller berre Sonen er rekna som den andre personen[1] i den kristne Treeininga. Kristologi tek for seg læra om vesenet til Gud Sonen.

Doktrinen om treeininga identifiserer Jesus som inkarnasjonen av Gud, av same vesen som Gud Fader og Den heilage ande, men distinkt i person.[2] Kyrkjelæra i dei ortodokse, romersk-katolske, anglikanske, lutherske og reformerte kyrkjene seier alle at Jesus sameiner ein guddommeleg og ein menneskeleg natur i same person.[3]

Uttrykket «Gud sonen» (gresk Θεός ὁ υἱός, latin Deus Filius) finst ikkje i Bibelen,[4][5] men opptrer i seinare kristne kjelder.[6]

Den nikenske truvedkjenninga tek for seg trua på Gud Sonen:

Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus,
Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider,
Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud,
fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.

Den athanasianske truvedkjenninga skildrar personane nærare:

Med dette er den sams kristne trua, at vi ærer ein Gud i Treeininga
og treeininga i einskapen.
Med di vi korkje blandar i hop personane eller kløyver grunnvesenet.
For ein person er Faderen, ein annan Sonen, ein annan Den Heilage Ande.

Skismaet mellom Austkyrkja og Vestkyrkja i 1054 kan førast tilbake til ei usemje om både Faren og Sonen er opphavet til Den heilage ande, som Vestkyrkja heldt fast ved (filioque), eller om anden har opphav i Faren åleine, som Austkyrkja heldt fast ved.

  1. «Katekesen - trons artiklar» (på svensk). Svenska kyrkan. Henta 25 februari 2015. 
  2. Leivestad, Ragnar; Elstad, Hallgeir (4. august 2020). «treenigheten». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «kristologi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 21. juli 2020. 
  4. Burnap, George Washington (1845). Expository lectures on the principal passages of the Scriptures which relate. Boston, Massachusetts: James Munroe and Company. s. 19. Henta 18. januar 2015. «There is no such phrase in the Bible, as 'God the Son,' or 'God the Holy Ghost.'» 
  5. Rhodes, Ron (2001). The Challenge of the Cults and New Religions: The Essential Guide to Their History, Their Doctrine, and Our Response. Zondervan, Michigan: Zondervan. s. 258. ISBN 0310232171. Henta 18. januar 2015. «Oneness Pentecostals argue that Scripture never indicates that Jesus' sonship is an eternal sonship. The term 'eternal Son' is never found in the Bible. Nor is the term 'God the Son' in the Bible.» 
  6. Hick, John (1993). The Metaphor of God Incarnate: Christology in a Pluralistic Age (2. utg.). Louisville, Kentucky: Westminster John Knox Press. s. 31. ISBN 0664230377. Henta 18. januar 2015. «One notes that it does not aspire beyond the pre-trinitarian notion of 'Son of God' to the properly trinitarian idea of 'God the Son.'»